Hopp til innhald

Nokia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nokia Oyj


Org.formOsakeyhtiö, børsnotert selskap
BransjeDatanett, elektrisk apparat, telekommunikasjonsbransjen, mobiltelefon
Skipa12. mai 1865
EigarBlackRock[1]
HovudkontorEsbo
LandFinland
ProduktGSM, programvare, hodesett, smarttelefon
Grunnleggjar(ar)Fredrik Idestam, Leo Mechelin
Adm.dir.Stephen Elop (2010), Jorma Ollila (1992)
Salsinntekter-1 100 000 000 euro (2016),[1] 1 697 000 000 euro (2015),[1] 1 414 000 000 euro (2014),[1] 672 000 000 euro (2013),[1] -520 000 000 euro (2012),[1] 16 000 000 000 euro (2017),[2] 2 318 000 000 (2022)
Omsetnad-1 100 000 000 euro (2016),[1] 1 697 000 000 euro (2015),[1] 1 414 000 000 euro (2014),[1] 672 000 000 euro (2013),[1] -520 000 000 euro (2012),[1] 16 000 000 000 euro (2017),[2] 2 318 000 000 (2022)
Resultat-927 000 000 euro (2016),[1] 2 468 000 000 euro (2015),[1] 3 476 000 000 euro (2014),[1] -739 000 000 euro (2013),[1] -3 786 000 000 euro (2012),[1] -1 437 000 000 euro (2017),[2] 4 259 000 000 (2022)
Marknadsverdi26 257 000 000 euro (31. desember 2016)
Nettstadhttps://www.nokia.com/ (kinesisk)

Nokia Oyj (Aksjeselskapet Nokia) er ei verksemd med hovudkontor i Esbo i Finland og fabrikkar og kontor i mange land. Verksemda utviklar og produserer telekommunikasjonsutstyrt, framfor alt mobiltelefonar.[3]

Opphavleg var Nokia storprodusent av gummistøvlar, bil- og motorsykkeldekk og prosesskontrollutstyr for papirfabrikkar, men har seinare konsentrert seg heilt om mobiltelefonar etter å ha fått innpass på denne marknaden på 1980-talet. I 1991 markerte Nokia seg ved å lansere GSM (groupe spécial mobile), eit digitalt mobiltelefonsystem, ved å ringe i Helsingfors den aller fyrste GSM-samtalen i verda.

Verksemda Nokia hadde si spede byrjing med eit tresliperi som vart oppretta i Tammerfors i 1865 av industriherren Fredrik Idestam. I 1869 flytta Idestam denne verksemda til staden Nokia og utvida til ein papirfabrikk, som vart ein av pionerverksemdene i industrialiseringa av Finland. I 1898 vart verksemda Finska Gummi AB skipa, og i 1912 Finska kabel AB, som seinare òg vart flytta til Nokia, og saman med papirfabrikken kom dei til å dominere denne vesle plassen. Finska Gummi produserte dekk for bilar og syklar, og gummifottøy som støvlar og kalosjar. Allereie i 1937 vart spørsmålet om å slå saman desse verksemdene teke opp for fyrste gong, men samanslåinga skjedde ikkje før tretti år seinare.

Nokia 3310

Ein av Nokia sine største suksessar var lanseringa av mobiltelefonen Nokia 3310 som kom ut i 2000. I 2017 relanserte Nokia ein 2017-modell av Nokia 3310 med ein del oppgraderingar.

Nokia sitt hovudkontor i Esbo i Finland.