Morten Olsson Lundberg
Utsjånad
Morten Olsson Lundberg | |||
Fødd | 20. november 1834 Bardu kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 16. mai 1889 (54 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, lærar, bonde, kyrkjesongar | ||
Alle verv |
|
Morten Olsson Lundberg (20. november 1834–16. mai 1889) var ein norsk lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Bardu i Troms.
Lundberg var son av ein gardbrukar i Bardu. Sjølv gjekk han seminaret i Tromsø, der han tok eksamen i 1858. Dei neste 24 åra, fram til 1882, var han lærar i Bardu. I 1866 gifta han seg til ein gard i bygda, så han var gardbrukar òg. År 1882 vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Bodin i Nordland.
Lundberg var ordførar 1873-82 i Bardu og 1884-89 i Bodin. Han hadde elles andre kommunale verv både i Bardu og seinare i Bodin.
Lundberg var stortingsmann frå Tromsø amt frå 1874-79. I begge dei to stortingsperiodane var han medlem av budsjettkomiteen.
Han døydde i Bodin i 1889.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Morten Olsson Lundberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv