Menneskerettslova
Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett, forkorta Menneskerettslova, er, som tittelen seier, ei lov som skal styrke menneskerettane si stilling i norsk rett. Loven inneber ei gjennomføring av Grunnlova § 110c som blei lagt til ved grunnlovsvedtak den 15. juli 1994 nr. 675. Lova seier at fem konvensjonar frå Europarådet og SN som er godkjende (ratifiserte) av Noreg, også skal gjelde som norsk lov. Menneskerettslova § 3 seier i tillegg at desse konvensjonane skal gå framom vanleg norsk lovgjeving, viss det oppstår motstrid. Ein kan dermed seie at menneskerettslova og dei inkorporerte konvensjonene har fått det som ofte blir kalla ein semikonstitusjonell karakter. Etter dei siste endringane i menneskerettslova gjeld dette følgjande konvensjonar og tilleggsprotokollar:
- Europarådets konvensjon 4. november 1950 om vern av menneskerettane og dei grunnleggande fridomane (EMK)
- Protokoll 20. mars 1952
- Fjerde protokoll 16. september 1963 om vern av visse rettar og fridomar som ikkje allereie er omfatta av konvensjonen og av første tilleggsprotokoll til konvensjonen
- Sjette protokoll 28. april 1983 om oppheving av dødsstraff
- Sjuande protokoll 22. november 1984
- Trettande protokoll 21. februar 2002 om avskaffing av dødsstraff under alle omstende
- SNs internasjonale konvensjon 16. desember 1966 om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar,
- SNs internasjonale konvensjon 16. desember 1966 om sivile og politiske rettar
- SNs valfrie protokoll til konvensjon om sivile og politiske rettar 16. desember 1966
- Andre valfrie protokoll 15. desember 1989 om avskaffing av dødsstraff
- SNs internasjonale konvensjon 20. november 1989 om barnets rettar (SNs barnekonvensjon)
- SNs internasjonale konvensjon 18. desember 1979 om avskaffing av alle former for diskriminering av kvinner (SNs kvinnekonvensjon)
Lova blei vedteken og tredde i kraft 21. mai 1999. Den bestod i utgangspunktet av tre konvensjoner. Den 1. august 2003 blei SNs barnekonvensjon med to tilleggprotokollar lagt til i lova, med verknad frå 1. oktober 2003.[1][2] Den 10. juni 2005 blei trettande og fjortande tilleggsprotokollar til EMK lag til,[3] med ikrafttreding frå høvesvis 1. desember 2005 og 18. juni 2010. Den 19. juni 2009 blei lova utvida til å omfatte FNs kvinnekonvensjon.
Sidan lova blei innført har det vore mange saker for Høgsterett, der spørsmål om verknaden av reglar i konvensjonane har vore oppe. EMK sitt forbod mot dobbeltstraff stått sentralt i fleire av desse sakene.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lov nr 86 av 1. august 2003: Lov om endringer i menneskerettsloven mv. (innarbeiding av barnekonvensjonen i norsk lov).
- ↑ Norsk Lovtidend: Ikrafttreding av lov av 1. august 2003 nr. 86 om endringar i menneskerettsloven mv. (innarbeiding av barnekonvensjonen i norsk lov), 1. august 2003.
- ↑ Lov nr 49, 10. juni 2005: Lov om endringar i menneskerettslova (inkorporasjon av protokoll nr. 13 og 14 til den europeiske menneskerettskonvensjon)