Markku Tuokko
Markku Tuokko | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 24. juni 1951 Nurmo |
Død |
20. februar 2015 (63 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 196 centimeter |
Markku Tuokko på Commons |
Markku Martti Tuokko (24. juni 1951–20. februar 2015) var ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar som deltok i både diskoskast og kulestøyt. Under EM i 1978 fekk han sølvmedalje i diskos med eit kast på 64,90 meter. Tuokko vart finsk meister i diskoskast fem gongar; 1977 og 1979-82. Hans personlege rekord i diskos var 68,12 meter, oppnådd i mai 1979 i Fresno i California. Dette kastet var finsk rekord til 2001, då Timo Tompuri kasta 69,62 m. I kulestøyt støytte Tuokko 20,03 meter i august 1979.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Tuokko fekk sølvmedaljen i den nasjonale meisterskapen i diskoskast i fire år på rad; 1973-76. Kvart år la han på nokre titals centimeter, frå 60,98 m i 1973 til 62,34 m i 1976, men måtte kvar gong sjå seg slått av Pentti Kahma. Tuokko sette personleg rekord i 1974 med 64,40 m og fekk plass i den finske troppen til EM i Roma, der han han ikkje lukkast kvalifisere seg til finalen.
Han deltok i diskos under OL i Montreal, men nådde heller ikkje då å kvalifisere seg til finalen. Same sesongen fekk han med seg ein bronsemedalje i kulestøyt frå den finske meisterskapen, i tillegg til den fjerde rake sølvmedaljen i diskoskast. I 1977 vann han sitt fyrste FM-gull i diskoskast etter eit kast på 63,06 m, Kahma vart vist til sølvplassen. Tuokko tok sjølv sølvmedaljen i kulestøyt.
I 1978 opplevde Tuokko høgdepunktet som aktiv, då han fekk EM-sølv i diskoskast, overgått einast av den suverene vinnaren, Wolfgang Schmidt frå Aust-Tyskland. Våren 1979 gjorde han sitt lengste diskoskast nokon gong, 68,12 m, under gunstige tilhøve i Fresno i California. Same sesongen kopierte han prestasjonane frå den nasjonale meisterskapen i 1977, med gull i diskos etter sterke 65,40 m, og sølv i kule.
Doping
[endre | endre wikiteksten]I 1979 vart Tuokko tatt for doping under eit Europacup-stemne, saman med landsmennene Asko Pesonen og Seppo Hovinen, den siste spydkastar.[1]
Medaljar og plasseringar i diskoskast i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1974 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (57,82 m – nr 16)
- OL 1976 i Montreal: Utslått i kvalifiseringa (59,80 m – nr 17)
- EM i 1978 : Sølvmedalje - 64,90 m, bakom Wolfgang Schmidt (66,82 m)
- OL i 1980 i Moskva: Nr 9 - 61,84 m
Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Quercetani, Roberto L. «History of the European Cup». Henta 6. august 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Markku Tuokko – Profil på nettsida til IAAF
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Resultatoversikt Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Markku Tuokko» frå Wikipedia på bokmål, den 21. august 2013.