Mark Kirchner
Mark Kirchner | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 4. april 1970 (54 år) Neuhaus am Rennweg |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | biathlon at the 1992 Winter Olympics – men's individual, biathlon at the 1992 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 1992 Winter Olympics – men's relay, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett menn, Ski-VM 1999, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Normaldistanse menn |
Mark Kirchner (fødd 4. april 1970) er ein tysk tidlegare skiskyttar og langrennar frå Neuhaus am Rennweg i Thüringen. Han har vunne fire individuelle VM-gull og eitt individuelt OL-gull, tre VM-gull i stafett og lagtevlingar, samt eitt OL-gull i stafett. I alt vann han 14 VM- og Ol-medaljar.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Skiskyting
[endre | endre wikiteksten]Kirchner vart juniormeister individuelt allereie i 1988. To år seinare, før han var ute av junioralderen, vart han verdsmeister på 10 km under verdsmeisterskapen i skiskyting 1990 i Oslo. I same meisterskapen tok han ein gullmedalje i lagøvinga med DDR-mannskapen. Året etter sigra Kirchner i alle tre tevlingane under VM 1991 i Lahti.
Kirchner tok også medaljar i samtlege tre øvingar under vinter-OL 1992 i Albertville. Han vann gullmedaljen på 10 km og på stafetten gjekk han for det tyske vinnarlaget, dessutan tok han sølv på 20 km. I 1993 vann han 10-kilometeren i fjerde meisterskapen på rad. Under OL på Lillehammer i 1994 deltok Kirchner på det vinnande tyske stafettlaget, sameleis i VM 1995. Men korkje i 1994 eller -95 nådde han opp i medaljestriden i dei individuelle øvingane. I 1997 tok han si 14. og siste OL- eller VM-medalje, då han deltok på Tyskland sitt lag i lagøvinga.
Kirchner vann fem individuelle renn i verdscupen i skiskyting. Sesongane 1991 og 1993 kom han på andreplass i verdscup-turneringa, bakom høvesvis Sergej Tsjepikov og Mikael Löfgren.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM i skiskyting 1990 i Oslo: Gullmedalje på 10 km og i lagøvinga
- VM i skiskyting 1990 i Kontiolax: Bronsemedalje i stafett
- VM i skiskyting 1991 i Lahtis: Gullmedalje både på 10 km, 20 km og i stafett
- Vinter-OL 1992 i Albertville: Gullmedalje både på 10 km og i stafett, sølvmedalje på 20 km
- VM i skiskyting 1993 i Borovets: Gullmedalje på 10 km, bronsemedalje i stafett
- Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Gullmedalje i stafett, nr 7 på 20 km
- VM i skiskyting 1995 i Antholz: Gullmedalje i stafett, nr 15 på 20 km
- VM i skiskyting 1997 i Osrblie: Sølvmedalje i lagøvinga
Langrenn
[endre | endre wikiteksten]Kirchner deltok i langrenn i eit par sesongar etter han slutta å satse på skiskyting. Mellom anna gjekk han sisteetappen for Tyskland på 4 x 10 km stafett under Ski-VM 1999 i Ramsau, og kom på fjerdeplass.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Mark Kirchner» (på engelsk). olympedia.org. Henta 11. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1970
- Tyske skiskyttarar
- Austtyske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Olympiske meistrar for Tyskland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- Tyske deltakarar under vinter-OL 1992
- Skiskyttarar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1994
- Tyske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skiskyttarar under vinter-OL 1994
- Deltakarar under VM i skiskyting 1990
- Deltakarar under VM i skiskyting 1991
- Deltakarar under VM i skiskyting 1993
- Deltakarar under VM i skiskyting 1995
- Deltakarar under VM i skiskyting 1996
- Deltakarar under VM i skiskyting 1997