Hopp til innhald

Marcus Thomsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcus Thomsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1998 (26 år)
Voss herad
Idrett friidrett

Marcus Thomsen (fødd 7. januar 1998) er ein norsk friidrettsutøvar som åra 2017-20 og i 2022 vart norsk meister i kulestøyt. Den 11. juni 2020 sette han personleg rekord med 21,03 meter på Bislett stadion i Oslo. 1. februar 2021 forbetra han rekorden i øvinga til 21,09 meter ved ei innandørs-tevling i Växjö. Under VM i friidrett 2022 i Eugene vart han tiandemann med 20,66 meter, nokre veker seinare kom han på niandeplass i europameisterskapen i friidrett på moderate 19,91 m.