Malena Ernman
Utsjånad
Malena Ernman | |||
| |||
Fødd | 4. november 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Uppsala domkyrkoförsamling | ||
Fødenamn | Sara Magdalena Ernman | ||
Alias | Malena Ernman | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 1998– | ||
Sjanger | art lyrique, opera, kabaret | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran, mezzosopran | ||
Verka som | skodespelar, operasongar, musikar, utøvar, forfattar, musicalskuespiller, plateartist | ||
Gift med | Svante Thunberg | ||
Born | Greta Thunberg, Beata Ernman | ||
Prisar | Litteris et Artibus, Q128595475 |
Malena Ernman, eigentleg Sara Magdalena (fødd 4. november 1970 i Uppsala), er ein svensk operasongar som syng mezzosopran.
Malena Ernman er utdanna ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, musikkonservatoriet i Orléans og ved Operahögskolan i Stockholm.
Ernman har mellom anna sunge hovudrolla i Carmen og Figaros bryllup og Rosina i Barberen i Sevilla. Ho er ein allsidig artist som i tillegg til operaroller òg syng chansonar, kabaret, jazz og musikalar.
Malena Ernman er gift med skodespelaren Svante Thunberg.
Ernman representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2009 etter å ha vunne den svenske Melodifestivalen 2009.
Deltaking
[endre | endre wikiteksten]- 2009: Melodifestivalen 2009 (vinnar)
- 2009: Eurovision Song Contest 2009 (21. plass)