Majavatnet
Majavatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Grane | ||
Høgd over havet | 310 moh. | ||
Areal | 16,07 km² | ||
Største djupn | 123[1] m | ||
Kystlengd1 | 50,37 km | ||
Koordinatar | 65°10′17″N 13°18′21″E / 65.17139°N 13.30583°E | ||
Majavatnet 65°10′17″N 13°18′21″E / 65.171388888889°N 13.305833333333°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Majavatnet (sørsamisk: Maajehjaevrie) er to vatn, Store Majavatnet og Litl-Majavatnet, som ligg i Grane kommune i Nordland fylke. Vatna ligg øvst i Svenningdals-/Vefsnavassdraget, og har tilsig frå Tomasvatnet i aust og Steinvatna i sørvest. Avløpet er mot nord via Flya, Litl-Majavatnet, Sefrivatnet, Kjerringvatnet og Store Svenningsvatnet til Svenningdalselva.
Det store Majavatnet er 16 km², Litl-Majavatnet (Ohtje Maajehjaevrie) er 3 km². Vasskiljet mot Namdalen og Namsen er like sør for Majavatnet, der det berre er 100 meter til første bekken som renn sørover. På austsida av innsjøen går både E 6 og Nordlandsbanen, med stasjon i tettstaden Majavatn.
Ved Majavatn-tragedien under andre verdskrigen i oktober 1942 fall 34 nordmenn, fleire vart arresterte, andre måtte forlate landet.[2]
Majavatnet ligg i sørsamisk område, og sørsamisk språk har stått sterkt blant sørsamane som bur her.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Majavatnet» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ NVE rapport nr 151/2
- ↑ Magne Skodvin Norsk historie 1939-1945, Det Norske Samlaget 1991 ISBN 82-521-3491-2