Luoyang
Luoyang (kinesisk: 洛阳; pinyin: Luòyáng) er eit byprefektur vest i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 15 692 km² og hadde vel 6,5 millionar ibuarar i 2010. Elva Yi renn gjennom Luoyang.
Byprefekturet Luoyang omfattar seks bydistrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt i det 11. hundreåret f.Kr. og heitte då Chengzhou (成周). Luoyang vart hovudstad for det austlege Zhou-dynastiet i 770 f.Kr. Byen vart øydelagt i 510 f.Kr. under ein borgarkrig, men vart gjenoppbygd året etter.
Den fyrste buddhistiske kultbygninga i det eigentlege Kina, Baimasi, vart etablert her i år 68 e.Kr. av keisar Mingdi.
Byen hadde på den tid ein stor, keisarleg skule med 30 000 studentar. Her i Luoyang dokumenterte Cai Lun oppfinninga av papiret og arbeidde astronomen Zhang Hen. Etter Han-dynastiet fall forfatta Zuo Si diktet Dei tre hovudstader, eit verk som er bevart og som mellom anna handlar om byen Luoyang.
Sui-dynastiet valde Luoyang til hovudstad for riket. Byen vart raskt bygt opp att etter omfattande øydeleggingar, og skal etter seiande ha hatt ein million ibuarar. I 1971 fann arkeologar eit kornlager frå Sui-tida som var stort nok til å kunne verne 250 000 tonn grøde frå fukt og utøy. Tang-dynastiet flytta rikshovudstaden til Chang'an.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Byen har flysamband over Luoyang Beijiao lufthamn.
I Luoyang stansar toga på Longhaibanen, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning, som strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou via mellom andre Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Weinan og Xi'an.
Kinas riksveg 310 går gjennom området. Denne viktige trafikkåra tek til i Lianyungang i Jiangsu, fører så vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Ho er innom storbyar som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou før ho er innom Luoyang og går vidare til Xi'an.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- How to Pronounce Luoyang. Youtube
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Luoyang» frå Wikipedia på bokmål, den 11. januar 2013.