Legnago
Utsjånad
Legnago er ein by og ein kommune i provinsen Verona i Veneto-regionen i Italia. Kommunen har 25 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 79,7 km². Byen ligg på sørbreidda av elva Adige, 16 meter over havet, og 43 kilometer sørvest for provinshovudstaden Verona.
Legnago er eit grøderikt jordområde der det vert dyrka ris og andre kornslag, i tillegg til sukker og tobakk.
Byen vart mykje bomba under andre verdskrigen. Dagens by er difor relativt moderne i skapnad.
Komponisten Antonio Salieri vare frå Legnago.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Legnago» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2013.