Le Orme
Le Orme | |||
| |||
Opphav | Marghera i Venezia i Italia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1966–1982, 1986–til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, poprock psykedelisk rock | ||
Plateselskap | CAR Juke Box, Telerecord, Phonogram, PolyGram, Charisma, Baby, Crisler Music, Tring | ||
Medlemmer | Michi Dei Rossi Michele Bon Fabio Trentini | ||
Tidlegare medlemmer | Aldo Tagliapietra Tony Pagliuca Andrea Bassato Francesco Sartori Germano Serafin Tolo Marton Nino Smeraldi Claudio Galieti Marino Rebeschini |
Le Orme er eit italiensk progrockband danna i 1966 i Marghera, ein frazione i Venezia. Bandet var eit av dei store banda i italiensk progressiv rock i 1970-åra. Dei er eit av dei få italienske rockebanda som har hatt suksess i utlandet og har halde konsertar både i Nord-Amerika og Europa, og gav ut eitt engelskspråkleg album då dei var på det mest populære.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bandet bestod av Aldo Tagliapietra (songar, gitar, fløyte og celesta), Nino Smeraldi (elektrisk gitar, song), Claudio Galieti (bass, cello, song), Toni Pagliuca (klaverinstrument) og Michi Dei Rossi (trommer og perkusjon). Smeraldi, som i lag med Tagliapietra skreiv alle songane deira på det første albuma, arrangerte og alle songane deira. Le Orme heldt saman gjennom 1970-åra og utvikla seg til eit Emerson, Lake & Palmer-liknande progrockband og spelte inn fire album i denne stilen før dei vart oppløyst i 1982.
I 1986 kom dei saman hatt og gav ut eit album i 1990. Pagliuca slutta i gruppa i 1992 og vart erstatta av Michele Bon. gruppa heldt ut i 1990- og 2000-åra og gav ut album som Il Fiume (1995), Elementi (2001) og L'Infinito (2004), og spelte òg fleire konsertar og på festivalar i Europa og Nord-Amerika. Tagliapietra slutta i gruppa i 2009 og Le Orme vart ein trio med berre Dei Rossi att som originalt medlem.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Ad gloriam (1969)
- Collage (1971)
- Uomo di pezza (1972)
- Felona e Sorona (1973)
Seinare spelt inn på engelsk og gjeve ut i Storbritannia som Felona and Sorona. - Contrappunti (1974)
- In Concerto (1974, konsert)
- Smogmagica (1975)
- Verità nascoste (1976)
- Storia o leggenda (1977)
- Florian (1979)
- Piccola rapsodia dell'ape (1980)
- Venerdì (1982)
- Orme (1990)
- Il fiume (1996)
- Amico di ieri (1997)
- Elementi (2001)
- L'infinito (2004)
- La Via Della Seta (2011)
- Samleplater
- Beyond Leng (1976)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Le Orme» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Le Orme på Prog Archives
- Le Orme på Progboard Arkivert 2008-01-25 ved Wayback Machine.