Hopp til innhald

Lagringskort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Secure Digital kort (SD)

Eit lagringskort er ein elektronisk lagringseining som vert brukt til lagring av digital informasjon. Dei er som oftast brukt i mange elektroniske einingar, inkludert digitale kamera, mobiltelefonar, berbare datamaskinar, MP3-spelarar og spelkonsollar. Dei er små og sidan dei nyttar flashminne treng dei ikkje energitilførsel for å oppbevare data[1][2].

PC-kort (opphavleg kalla PCMCIA) var blant dei første kommersielle lagringskortformata (type I-kort) som kom på marknaden på 1990-talet[3][4]. Desse vert nytta til mange ulike føremål, både industrielt og i forbrukarelektronikk[5]. CompactFlash, SmartMedia og Miniature Card er også kort som kom ut på denne tida, og som er mindre enn eit PC-kort.

Andre hendingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Torres, G., http://www.hardwaresecrets.com/article/Memory-Cards-Tutorial/35 Arkivert 2012-06-14 ved Wayback Machine., Hardwaresecrets.com, 18/5-2995.
  2. Everett, D.B., [www.smartcard.co.uk/tutorials/sct-itsc.pdf Smart card tutorial — Part 1], sept. 1992.
  3. Introduction to PCMCIA, sena.com, 6/12-2002.
  4. PCMCIA, PC Card, CardBus and ExpressCard Comparison, Bixnet.com (vitja 12/8-2012.)
  5. Burian, P.K., Playing Your Cards Right at Retail, Marketnews.ca, 06/04/2010
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.