Kvalsund kommune
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kvalsund.
Kvalsund kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Kvalsund | ||
Areal | 1 844 km² | ||
• land | 1 748 km² | ||
• vatn | 96 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Ragnar Olsen (Ap) | ||
Kommunenr. | 2017 | ||
Kvalsund 70°29′56″N 23°58′26″E / 70.498972222222°N 23.973944444444°E | |||
Kart som viser Kvalsund kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Kvalsund (former municipality) | |||
Nettstad: www.kvalsund.kommune.no |
Kvalsund (nordsamisk Fálesnuori gielda, kvensk Valasnuoran komuuni) var ein kommune i dåverande Finnmark fylke. Kommunen vart del av Hammerfest i 2020. Kommunesenteret låg i tettstaden Kvalsund. Kommunen hadde 1 101 innbyggarar i 2008. Hovuddelen av Kvalsund kommune ligg på fastlandet, men til kommunenen høyrer og delar av øyane Kvaløya og Seiland. Kvaløya har fastlandstilknytning over Kvalsundbrua.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for Kvalsund kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1223a | 1579a | 1877a | 1906a | 1844a | 1777 | 1714 | 1360 | 1110 | 1026 |
- a Dette talet omfattar ikkje eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Kvalsund kommune i 1963. Dette området hadde då 34 innbyggjarar.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Fiske, tilverking og omsetting av mellom anna torsk, er viktige næringsvegar.[4]
Det vart vunne ut kopar i området fram til 1931. På 1970-talet vart mineralet utvunne igjen ei stund. Det vart gjeve konsesjon for ny koparutvinning på slutten av 2010-talet,[4] med løyve til lagring av gruveavfall på botn av Repparfjorden.[5]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Kvalsund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 4,0 4,1 Trond Dalfest; Svein Askheim. «Kvalsund». Store norske leksikon. Henta 6. august 2019.
- ↑ Espen Sandmo; Ellen Flå. «Vil ha mer gruvedrift i Norge – må akseptere inngrep i naturen». NRK. Henta 6. august 2019.