Hopp til innhald

Kontrollsiffer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kontrollsiffer eller kontrollteikn er ekstra teikn eller siffer som vert føydd til ei tal- eller teikngruppe for at ein skal kunne kontrollere at gruppa er gjengitt og oppfatta korrekt, eventuelt òg tillate oppretting av visse feil. I EDB består kontrollsiffer ofte av ein partitetsbit føydd til binære data som skal overførast til andre einingar. Inklusive kontrollsiffer skal kvar bitgruppe då ha ein bestemt partitet, til dømes alltid innehelde ei odde mengd 1-tal.