Kommunar i Qatar
Sidan 2004 har Qatar vore delt inn i sju kommunar.[1] Ein ny kommune, Al Daayen, vart skapt under resolusjon nr. 13,[2] frå delar av Umm Salal og Al Khawr på same tid. Al Ghuwariyah vart slått saman med Al Khawr; Al Jumaliyah vart slått saman med Ar Rayyan; Jarayan al Batnah vart delt mellom Ar Rayyan og Al Wakrah og Mesaieed vart slått saman med Al Wakrah.
For statistiske føremål vert kommunane vidare delt inn i 87 soner, som igjen er delt inn i blokker.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I følgje kommunaldepartementet i Qatar[3] vart den første kommunen i landet oppretta i 1963 som Qatar kommune. Denne endra seinare namn til Doha kommune same året. I 1972 vart Ar Rayyan, Al Wakrah, Al Khawr og Dhekra, Ash Shamal og Umm Salal oppretta. I 1997 vart Umm Sa'id kommune danna frå delar av Al Wakrah og Jariyan al Batnah).
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Kommune | Arabisk | Folketal (2010)[4] | Areal (km²) |
---|---|---|---|---|
1 | Madinat ash Shamal | الشمال | 7,975 | 902 |
2 | Al Khor | الخور | 193,983 | 1,551 |
3 | Umm Salal | أم صلال | 60,509 | 310 |
4 | Al Daayen | الضعاين | 43,176 | 236 |
5 | Ar Rayyan | الريان | 455,623 | 5,818 |
6 | Ad Dawhah | الدوحة | 796,947 | 234 |
7 | Al Wakrah | الوكرة | 141,222 | 2,520 |
Totalt | 1,699,435 | 11,571 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Municipalities of Qatar» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Qatar Municipalities». Qatar Ministry of Municipality and Urban Planning. Arkivert frå originalen 18. januar 2016.
- ↑ AlDaayen Municipality
- ↑ [1]
- ↑ «Census 2010». Qatar Statistics Authority. 2010. Arkivert frå originalen 9. juli 2010. Henta 25. juli 2010.