Knoppsvane
Knoppsvane | |
Knoppsvane | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av Knoppsvane | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Cygnus |
Art: | Knoppsvane C. olor |
Vitskapleg namn | |
Cygnus olor |
Knoppsvane (Cygnus olor) er ein trekkfugl i andefamilien som hekkar i Noreg. Svana er kvit med ein svart flekk ved nebbrota. Nebbet er gulraudt med ein kraftig nebbknute. Fuglen kan verte 152 cm lang. Den lange halsen gjer at dei kan beite ned til ein meter under vassyta. Dei beiter og på land. Føda er mest algar og vassplantar.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Ein finn knoppsvaner frå Vest-Europa og flekkvis austover til Kina. Utsetting har ført til førekomstar på fleire kontinent. Den norske bestanden stammar truleg frå utsette fuglar. Første påviste hekking i Noreg var i Rogaland i 1926. I 1971 var hekkebestanden 25–30 par og i 1990 om lag 450 par. Talet på fuglar ser framleis ut til å auke. Knoppsvana hekkar i låglandet på Austlandet og langs kysten til Rogaland.[2]
Knoppsvana legg reiret i tett vegetasjon eller på små holmar. Dei 5 til 9 grågrøne egga er opp til 124 mm lange. Båe fuglane rugar i om lag 5 veker. Ungane sym me foreldra kort etter klekkinga. Dei er flygedyktige etter 4–5 månader.
Knoppsvana held seg ofte nær reirplassen heile året. Dette gjeld særleg fuglar i Rogaland. Lenger aust trekker dei delvis til Danmark om vinteren. Dei vender oftast attende til same reirområde så snart isen er borte.
Eldste fuglen ein kjenner til etter ringmerking i Noreg er 17 år og 7 månader.
Mange knoppsvaner misser livet ved samanstøyt med elektriske leidningar.
Knoppsvana er kjelda til førestilling om at ho syng ein svanesong når ho døyr.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Knoppsvaneegg.
-
Lyd frå vengeslag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006. ISBN 82-90054-65-3
- Norges dyr. Bind VI. J.W.Cappelens forlag 1972
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av knoppsvane Cygnus olor for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Knoppsvane hos Artsdatabanken
- (en) Knoppsvane – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Knoppsvane i Encyclopedia of Life
- (en) Knoppsvane i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Knoppsvane hos Dyntaxa
- (en) Knoppsvane hos Fauna Europaea
- (en) Knoppsvane hos ITIS
- (en) Knoppsvane hos NCBI
- (en) Kategori:Cygnus olor – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Cygnus olor – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cygnus olor – detaljert informasjon på Wikispecies