Hopp til innhald

Kantor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tittelen kantor (av latinsk canere, «synge») vert innan kristendommen rekna som ein leiar for eit kyrkjekor

Den norske kyrkja

[endre | endre wikiteksten]

I Den norske kyrkja har ein kantor det overordna musikalske ansvaret i kyrkjelyden. Tenesteordninga seier at kyrkjemusikktenesta har som føremål å gje kyrkjelyden eit musikalsk uttrykk i gudsteneste og øvrig kyrkjelydsliv. Kantorane til kyrkja er forplikta på dei plan og prioriteringar kyrkjelydsrådet set ned i samråd med kyrkjeleg fellesråd. For å verte kantor i Den norske kyrkje vert det kravd 4 års kyrkjemusikalsk utdanning. Det skjer derimot ofte at søkarar på ei kantorstilling ikkje har kantorutdanning. Då kan det tilsettast andre kvalifiserte søkarar, som får tittelen organist. Ansvarleg for kor og musikk i ei domkyrkje har stillingstittel domkantor.

Jødedommen

[endre | endre wikiteksten]

I jødisk samanheng er ein kantor ein vanlegvis profesjonell forsongar eller solist i synagogen (synonym: hazzán).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]