Kafr Manda
Kafr Manda | |||
כַּפְר מַנְדָא, Kafar Manda, Kfar Manda, Kufur Manda | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Landsbyen til Menda[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°49′N 35°16′E / 32.817°N 35.267°E | ||
Areal | 11,05 km² | ||
Folketal | 15 000 (2005) | ||
Folketettleik | 1 357 / km² | ||
Grunnlagd | 1000-talet | ||
• Bystatus | 1973 | ||
Borgarmeister | Rafi' Hajajra | ||
Kafr Manda 32°49′00″N 35°16′00″E / 32.816666666667°N 35.266666666667°E | |||
Kart som viser Kafr Manda.
| |||
Wikimedia Commons: Kafr Manda |
Kafr Manda eller Kfar Menda (arabisk كفر مندا}}, hebraisk כַּפְר מַנְדָא) er ein arabisk by i Nedre Galilea i fjellsida av Atzmon i Nord distrikt i Israel. Kafr Manda ligg 16 km nordvest for byen Nasaret. Han hadde eit folketal på 15 000 i 2005, hovudsakleg muslimske arabarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Før-osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen ligg på ein gammal stad på ein låg ås. Det er gjort funn frå antikken her, mellom anna to bitar av søyler og kapitel.[2]
I følgje den muslimske vitskapsmann Yaqut al-Hamawi på 1200-talet,
Kafr Manda ligg mellom Akko og Tiberias og vert òg kalla Midian. Grava til kona til Moses ligg her. Ved Kafr Mandah kan ein òg sjå gravene til to av sønene til Jakob, Asher og Nafthali vert det sagt.[3]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]I 1596 var Kafr Manda oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 93 hushaldningar og 11 ungkarar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, oliventre, bomull, soghum, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[4]
I 1875 skreiv den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde kring 400 innbyggjarar, alle muslimar.[5]
I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kefr Menda som ein «leirsteinslandsby ved foten av Jebel ed Deibebeh, med kvit muqam i seg. Folkesetnaden er gjeven som 200 sjeler.»[6]
Det britiske mandatet
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufr Manda eit folketal på 428, alle muslimar.[7] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Kafr Manda, i lag med den arabiske el Hujeirat, totalt 975, alle muslimar, i 187 folkesette hus.[8]
I 1945 var folketalet i Kafr Manda 1 260, alle arabarar, som eigde 14 935 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] 795 dekar var plantasjar og irrigert land, 7 960 for korn,[10] medan 47 dekar vart utbygd (urbant) land.[11]
Under Israel
[endre | endre wikiteksten]I krysset mellom Akko og Nasaret vart Kafr Manda kringsett av den framrykkande israelske hæren under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948. Mange av innbyggjarane i landsbyen flykta nordover, men somme vart verande att og vart ikkje forviste av dei israelske soldatane.[12] Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966. Han fekk lokal kommunestatus i 1973. Sidan då har vegane vorte asfalterte, skular er bygd og infrastruktur som kloakk, elektrisitet og vatningssystem er utbygd.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Palmer, 1881, s. 110
- ↑ Dauphin, 1998, s. 668
- ↑ le Strange, 1890, s.470.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 187.
- ↑ Guérin, 1880, s. 488-489
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, s. 274
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38
- ↑ Mills, 1932, s. 74
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159[daud lenkje]
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226
- Denne artikkelen bygger på «Kafr Manda» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestina (på fransk). 3: Galilea, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- le Strange, Guy (1890), Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund, London
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Yigal Alon Museum Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. (he)
- Manda
- Velkomen til Kafr Manda