Jurij Bilonoh
Jurij Bilonoh | |
Verkeleg namn | Ukrainsk skrift Юрій Григорович Білоног |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 9. mars 1974 (50 år) Bilopillja |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Utmerkingar | 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden, 2. klasse av Ukrainas fortjenstorden |
Jurij Hryhorovytsj Bilonoh (fødd 9. mars 1974) er ein ukrainsk tidlegare kulestøytar frå Bilopillja i Sumy. Han vart europameister i øvinga i 2002. To år seinare vann han gullmedaljen i kulestøyt under Sommar-OL 2004 i Aten, men etter ein retest i av urinprøva frå 2004 i 2012 vart det funne spor etter det syntetiske anabole steroidet oxandrolon. Han vart dermed fråteken den olympiske meistertittelen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Bilonog vann kuletevlinga under universiaden 1995. Våren 1997 sikra han seg ein EM-tittel innandørs då han i Paris vann etter kula landa på 21,02 meter, landsmannen Oleksandr Bahatsj vart nummer to med 20,94 m. Same året vart Bilonoh nummer fire då VM i friidrett fan stad i Aten. Med eit lengstestøyt på 20,92 m tok han bronsemedaljen ved EM i friidrett 1998 i Budapest, bakom Bahatsj og tyske Oliver-Sven Buder. I 1999 kom Bilonoh på femteplass med 20,60 m i VM i Sevilla, og same plasseringa fekk han ved dei olympiske leikane i Sydney i 2000.
Etter ein sjetteplass i friidretts-VM 2001 i Edmonton vann Bilonoh gullmedaljen under europameisterskapen 2002 i München, vinnarstøytet målte 21,37 meter. Året etter vann han ein bronsemedalje i innandørs-VM i Birmingham. Også under VM i friidrett 2003 i Paris/Saint-Denis fekk han ein bronsemedalje, med 21,10 m kom han bakom Andrej Mikhnevitsj og USA-amerikanske Adam Nelson på resultatlista.
Ved dei olympiske leikane 2004 i Aten vart kuletevlinga avvikla på på antikk grunn i Olympia. Både Bilonoh og Adam Nelson søytte 21,16 meter, men sidan Bilonoh også to gongar nådde 21,15 m vart han kåra til olympiameister. Under VM 2005 i Helsingfors vart han nummer fire, deretter vart han sjettemann i EM 2006 i Göteborg. Den sistnemnda plasseringa fekk hanogså under Sommar-OL 2008 i Beijing.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Etter at Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) i 2012 testa dopingprøva frå OL 2004 med forbetra metodar, vart det funne spor av oxandrolom-metabolitt. IOK annullerte då alle Bilonoh sine resultat i tidsrommet 18. august 2004 til 17. august 2006, inkludert OL-sigeren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1997 i Aten: Nr 4 – 20,26 m
- EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 20,92 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 20,60 m
- OL 2000 i Sydney: Nr 5 – 20,84 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 20,83 m
- EM 2002 i München: Gullmedalje – 21,37 m
- VM i 2003 i Paris: Bronsemedalje – 21,10 m
- OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 21,16 m (annullert i 2012)
- VM i 2005 i Helsingfors: Nr 4 – 20,89 m (annullert i 2012)
- EM 2006 i Göteborg: Nr 6 – 20,32 m (annullert i 2012)
- OL 2008 i Beijing: Nr 6 – 20,63 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jurij Bilonoh» frå Wikipedia på tysk, den 13. mai 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1974
- Ukrainske kulestøytarar
- Europameistrar i friidrett for Ukraina
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Dopingsaker i friidrett