Jeff Goldblum
Jeff Goldblum | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 22. oktober 1952 (72 år) West Homestead |
Yrke | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmregissør, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, filmprodusent, teaterskodespelar, skodespelar, pianist, jazzmusikar |
Språk | engelsk |
Far | Harold Leonard Goldblum |
Mor | Shirley Jane Goldblum |
Ektefelle | Emilie Livingston |
Partnar | Emilie Livingston |
Jeff Goldblum på Commons |
Jeffrey Lynn «Jeff» Goldblum (fødd 22. oktober 1952) er ein amerikansk skodespelar som har spelt på teater, fjernsyn og film. Han har spelt fleire gonger på Broadway og vore Oscar- og Emmy-nominert.
Goldblum voks opp i West Homestead i Pennsylvania, ein forstad til Pittsburgh. Faren var lege og mora arbeidde i radio før ho seinare grunnla eit selskap som selde kjøkkenutstyr. Familien var ortodokse jødar.
17 år gammal flytta Jeff Goldblum til New York for å bli skodespelar. Han fekk opplæring av Sanford Meisner ved teaterskulen Neighborhood Playhouse og debuterte på Broadway i Shakespeare-stykket The Two Gentlemen of Verona. Goldblum filmdebuterte med ein mindre rolle i Death Wish, regissert av Charles Bronson, i 1974.
Goldblum har vore gift to gonger, først med Patricia Gaul frå 1980 til 1986, seinare med skodespelarkollegaen Geena Davis, som han også spelte saman med i tre filmar.
Utvalde filmar
[endre | endre wikiteksten]- Death Wish (1974)
- Annie Hall (1977)
- Silverado (1985)
- The Fly (1986)
- Earth Girls Are Easy (1988)
- Jurassic Park (1993)
- Independence Day (1996)
- The Lost World: Jurassic Park (1997)
- The Prince of Egypt (1998)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jeff Goldblum» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2008.