Hubert Neuper
Hubert Neuper | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 29. september 1960 (64 år) Bad Aussee |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1980 – Stor bakke |
Utmerkingar | ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester |
Hubert Neuper (fødd 29. september 1960) er ein tidlegare austerriksk skihoppar. Han var med på å dominere internasjonal hoppsport ein kort periode på starten av 1980-talet.
Han vann hoppveka samanlagt i 1980 og 1981, og gjekk til topps samanlagt i den aller fyrste verdenscupsesongen (1979/80), og kom på andre plass samanlagt to år seinare. Han tok sølv i storbakkerennet under OL i 1980 i Lake Placid. I tillegg har han ei sølvmedalje frå lagkonkurransen under VM 1982 i Oslo.
Etter at Neuper la opp som hoppar starta han ein skiskule på heimstaden Bad Mitterndorf, Steiermark. Han gjennomførte òg pilotudanning, og arbeidde i fleire år som flygar. Frå og med skiflygings-VM i Kulm i 1996 har han hatt ei sentral rolle i arbeidet med å arrangera skiflygingskonkurransar i Kulm.
Hubert Neuper er ein av grunnleggjarane bak World Sports Awards (seinare kalla Laureus Awards) som blei arrangert for fyrste gong i november 1999.
I 2003 gav Neuper ut biografien Flatline. Han gifta seg med Claudia i 1984. Dei har to døtrer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hubert Neuper» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Hubert Neuper» (på engelsk). Olympedia.