Hermod
Utsjånad
Hermod er eit norsk mannsnamn, truleg lånt frå tysk, men opphavleg norrønt Hemóðr , samansett av hær og mot (hugrørsle).
Hermod har namnedag i Noreg den 29. januar.
Hermod i norrøn mytologi
[endre | endre wikiteksten]I norrøn gudelære er Hermod sonen til Odin; han reid Sleipner til Helheim for å hente attende Balder. I Béowulf er det nemnd ein kong Heremod, som skal ha vore konge i Jylland eller Danmark, men som kom til ein lei ende. Det er mogleg at minnet om denne kongen kan ha overlevd som son av Odin i norrøne overleveringar. I mange kjelder er det Odin sjølv som er sjeleføraren og reiser til Helheim.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1300-talet, og bruken nådde ein førebels topp i første halvedelen av 1900-talet.
- Ved folketeljinga i 1801 var det ein gut som het Hermod, han budde i Fosnes[1]
- Ved folketeljinga i 1900 var det 56 som hadde dette namnet
- I 2008 var det 520 som hadde Hermod som første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Hermod Skånland (1925–2011), norsk bankmann
- Hermod Bjørkestøl (f. 1944), norsk idrettslagmann
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Hermod hjå Statistisk Sentralbyrå