Heartache Tonight
Heartache Tonight Singel av Eagles frå albumet The Long Run | ||
B-side |
«Teenage Jail» | |
---|---|---|
Utgjeve | 18. september 1979 | |
Sjanger | hardrock, bluesrock | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | Asylum | |
Låtskrivar(ar) | Don Henley, Glenn Frey, Bob Seger og J.D. Souther | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
«Please Come Home for Christmas» (1978) |
Heartache Tonight | «The Long Run» (1979)
|
«Heartache Tonight» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey, Bob Seger og J.D. Souther, og spelt inn av Eagles. Songen vart spelt inn for albumet The Long Run og gjeven ut som singel i 1979. Han nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 i november det året. Han låg berre på toppen av lista i ei veke, men selde 1 million eksemplar. Det var den siste singelen til Eagles som nådde toppen av Hot 100.
Bandet vann Grammyprisen for beste rockesong av duo eller gruppe. Songen oppstod frå ein elektrisk jam mellom Glenn Frey og J.D. Souther, som vitja Frey heime i Los Angeles når han var i byen. Frey og Souther skreiv det første verset medan dei lytta til Sam Cooke-songar. Under jamminga, ringte Frey til Seger og song han verset. Seger song så refrenget attende til dei. I følgje Frey, «J.D. [Souther], Don og eg skreiv songen ferdig. Ingen tunge tekstar - songen er meir ein leik - og det var det som var meininga.»[1] Songen er sidan blitt spelt inn ac countryartisten John Anderson på hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles og av Michael Bublé på albumet Crazy Love.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Glenn Frey: solovokal, rytmegitar
- Don Henley: trommer, korvokal
- Joe Walsh: Slidegitar
- Don Felder: Rytmegitar
- Timothy B. Schmit: bassgitar, korvokal
- Bob Seger: korvokal (ikkje oppført på plateomslaget)
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1979) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
U.S. Adult Contemporary | 38 |
UK Singles Chart | 40 |
Canadian RPM Singlar Chart[2] | 1 |
Conway Twitty-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Heartache Tonight Singel av Conway Twitty | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | August 1983 | |
Innspelt | 1.-2. februar 1983 i Sound Stage Studio i Nashville | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 4:17 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Jimmy Bowen, Conway Twitty | |
Conway Twitty-kronologi | ||
«Lost in the Feeling» (1983) |
Heartache Tonight | «We Had It All» (1983)
|
«Heartache Tonight» vart spelt inn fire år seinare av countryartisten Conway Twitty. Han gav songen ut som den andre singelen frå albumet Lost in the Feeling og versjonen hans nådde sjetteplassen på Billboard Hot Country-lista hausten 1983.[3]
Twitty-versjonen hadde med Osmond-brørne på korvokal.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1983) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country | 6 |
Canadian RPM Country Tracks | 3 |
Norsk versjon
[endre | endre wikiteksten]Eldar Vågan skreiv ein norsk tekst til melodien og kalla han «Hembrent i kvæll». Denne vart spelt inn av Vazelina Bilopphøggers og gjeve ut på albumet 24 timers service i 1980.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heartache Tonight» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Very Best of the Eagles (CD). Eagles. Warner Music Group. 2003. R2 73971.
- ↑ «RPM 100 Singlar». Library and Archives Canada. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 363.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Singlar frå 1979
- Singlar frå 1983
- Singlar frå 1993
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Songar skrivne av Glenn Frey
- Songar skrivne av Don Henley
- Songar skrivne av Bob Seger
- Songar skrivne av J.D. Souther
- Eagles-songar
- Conway Twitty-songar
- John Anderson-songar
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Songar produserte av Jimmy Bowen
- Songar produserte av Bill Szymczyk
- Asylum Records-singlar
- Warner Bros. Records-singlar
- Songar frå 1979