Hopp til innhald

Gunnar Aksnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Aksnes
Fødd8. august 1926
Kvam herad
Død31. januar 2010
Bergen
NasjonalitetNoreg
Områdeorganisk kjemi
Yrkekjemikar, lyrikar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo

Gunnar Aksnes (8. august 192631. januar 2010)[1] var ein norsk kjemikar.

Aksnes voks opp i Kvam i Hardanger. Han fekk graden dr. philos. i 1962. I åra 1966 - 1993 var han professor i organisk kjemi ved Universitetet i Bergen. Aksnes representerte Noreg i det internasjonale samarbeidet når det gjeld nervegassar og kjemiske stridsmiddel.

Aksnes er også diktar. I 2001 gav han ut boka Med penn og pensel i HardangerHardangerforlaget i Øystese, saman med kona Milly Aksnes, som illustrerte. Dikta i boka var skrivne heilt frå 1970 til 2001, og motiva for illustrasjonane er inspirerte av Hardanger.

Aksnes var bror til astronomen Kaare Aksnes.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Leiv K. Sydnes (3. februar 2010). «Minneord over professor Gunnar Aksnes». På Høyden, Universitetet i Bergen.