Hopp til innhald

Gjellebekkmarmor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjellebækmarmor i form av søyler med innskrift til minne om sogekongar. På den nærmaste står det Wittekind. Frå monumentet Julianehøj i JægersprisSjælland.[1]

Gjellebekkmarmor er ein marmor og kalkstein frå Lier i Viken. Han vart nytta til bygningsstein og til tider arbeidde opptil tusen mann i brota mellom Oslo og Drammen. Mellom anna vart steinen nytta til Frederikskirken, òg kjent som Marmorkirken, i København. Det meste av produksjonen gjekk likevel som kalkstein til kalkbrenning og seinare sement.

Kong Frederik V av Danmark-Noreg vitja marmorbrotet i 1748 og i høve hendinga vart det reist ein obelisk.

  1. Erlandsen, Eric: Mindelunden, kongfrederik.dk. Vitja 10. august 2015
  • Bryhni, Inge (24. februar 2012). «Gjellebekkmarmor». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.