Frank Sinatra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Francis Albert «Frank» Sinatra (fødd 12. desember 1915 i Hoboken i New Jersey, død 14. mai 1998) var ein amerikansk songar og skodespelar som blir oppfatta som av éin av dei aller beste vokalistane i si tid, spesielt omtykt for perfekt frasering og timing. Mange kritikarar plasserer han ved sida av Bing Crosby, Elvis Presley, og The Beatles som dei viktigaste namna innanfor populærmusikk på midten av 1900-talet.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Frank Sinatra var einebarn av ein stille far og ei talentfull og emosjonell mor som jobba deltid på ein abortklinikk. Sinatra bestemte seg for å bli songar etter å ha høyrt Bing Crosby synge i radioen. Han byrja å synge i små klubbar i New Jersey før han endeleg fekk merksemda til trompetisten og orkesterleiaren Harry James. Som plateartist på Columbia Records hadde han blant anna den norskætta Axel Stordahl som orkesterleiar. Frank Sinatra fekk tre stjerner på Hollywood Walk of Fame for respektive film, musikk og TV.
Frank Sinatra var gift fire gonger, blant anna med skodespelarane Ava Gardner og Mia Farrow. Han vart far til songarinna Nancy Sinatra. I ein alder av 37 år starta Frank Sinatra karriere som filmskodespelar, og som filmpersonlegdom vart han akta som mykje "tøffare" enn som songar. Som «The Chairman of the Board» vart han eit amerikansk ikon, kjend for si arrogante, nokre gonger sjølvgode framferd, tydeleggjord i signatursongen hans; «My Way».
Etter ein film- og musikkarriere som dabba av på slutten av 1960-talet og byrjinga på 1970-talet, la Frank Sinatra opp i 1971, for så å gjere comeback i 1973. Han spela inn fleire album og fekk til slutt ein megahit i 1980 med «(Theme From) New York, New York» Albumet In the Wee Small Hours vert rekna som ein klassikar av musikkavisa Panorama.[1] På 1960-talet song han songen «I Won't Dance». Sinatra danna saman med Dean Martin og Sammy Davis Jr. supergruppa The Rat Pack.
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- 1977 Contract on Cherry Street :* 1974 That's Entertainment
- 1970 Dirty Dingus - vestens skrekk (orig. Dirty Dingus Magee)
- 1968 Kvinnen i cement (orig. The Lady in Cement)
- 1968 The Detective
- 1967 Morder mot sin vilje (orig. The Naked Runner)
- 1967 Tony Rome - Privatdetektiv (orig. Tony Rome)
- 1966 A Man Called Adam
- 1966 Alt for berømmelsen (orig. The Oscar)
- 1966 Fred i krig (orig. Evasive Peace)
- 1966 Overfall på "Queen Mary" (orig. Assault on a Queen), «Mark Brittain»
- 1965 Kast en lang skygge (orig. Cast a Giant Shadow)
- 1965 Skilsmisse på amerikansk (orig. Marriage on the Rocks)
- 1965 Vanviddets seier (orig. None But the Brave), «Chief Pharmacist's Mate Maloney»
- 1965 Von Ryan's Express
- 1964 Når Paris bobler (orig. Paris When It Sizzles)
- 1964 Robins muntre bande (orig. Robin and the Seven Hoods)
- 1963 Mord uten spor (orig. The List of Adrian Messenger)
- 1963 Slå deg løs, bror! (orig. Come Blow Your Horn), «Alan Baker»
- 1963 4 i Texas (orig. Four for Texas), «Zack Thomas»
- 1962 Ruterdame dreper (orig. The Manchurian Candidate)
- 1962 To glade rom-naut (orig. The Road to Hong Kong)
- 1962 Tre mot alle (orig. Sergeants 3)
- 1961 Djevelen kommer kl. 4 (orig. The Devil at Four o'Clock), «Harry»
- 1960 Can-Can
- 1960 Elleve om kuppet (orig. Ocean's Eleven), «Frankie Ocean»
- 1969 Pepe
- 1959 Elsk og vær lykkelig (orig. Some Came Running)
- 1959 Invitasjon til Monaco (orig. Glück und Liebe in Monaco)
- 1959 Johnny Concho
- 1959 Livet er herlig (orig. A Hole in the Head)
- 1959 Brennende jungel (orig. Never So Few), «Capt. Tom Reynolds»
- 1958 I krig og kjærlighet (orig. Kings Go Forth)
- 1957 Nattens glade syndere (orig. The Joker is Wild)
- 1957 Pal Joey
- 1957 Stolthet og lidenskap (orig. The Pride and the Passion)
- 1956 Fint folk flørter (orig. High Society)
- 1956 Jorden rundt på 80 dager (orig. Around the World in 80 Days), «Pianist»
- 1956 Mannen med den gylne arm (orig. The Man with the Golden Arm), «Frankie Machine» [Oscarnominasjon]
- 1955 Ikke som en fremmed (orig. Not as a Stranger)
- 1955 Typer og kjei (orig. Guys and Dolls)
- 1955 Ungkar i fellen (orig. The Tender Trap), «Charlie Rieder»
- 1954 Suddenly, «John Baron»
- 1954 Unge hjerter (orig. Young at Heart)
- 1953 Herfra til evigheten (orig. From Here to Eternity) [Oscar]
- 1951 Dobbelt dynamitt (orig. Double Dynamite)
- 1951 Møt Danny Wilson (orig. Meet Danny Wilson)
- 1949 Gledens New York (orig. On the Town)
- 1949 Hennes 9 menn (orig. Take Me Out to the Ball Game)
- 1948 Mirakelklokkene (orig. The Miracle of the Bells)
- 1948 The Kissing Bandit, «Ricardo»
- 1947 Etter regn kommer solskinn (orig. Till the Clouds Roll By)
- 1947 It Happened in Brooklyn
- 1945 To gaster går i land (orig. Anchors Aweigh)
- 1944 Step Lively
- 1943 Ta det som du vil (orig. Higher and Higher), «Frank»
Regissør
[endre | endre wikiteksten]- 1965 Vanviddets seier (orig. None But the Brave)
Produsent
[endre | endre wikiteksten]- 1965 Vanviddets seier (orig. None But the Brave)
- 1962 Tre mot alle (orig. Sergeants 3)
- 1959 Johnny Concho
- 1959 Livet er herlig (orig. A Hole in the Head)