Fjellskrinneblom
Utsjånad
Fjellskrinneblom | |
Fjellskrinneblom | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Stamme: | Arabideae |
Slekt: | Arabis |
Art: | Fjellskrinneblom A. alpina |
Vitskapleg namn | |
Arabis alpina |
Fjellskrinneblom er ei plante i krossblomfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Han finst i fjellområde i Europa, Nord- og Aust-Afrika, Sentral- og Aust-Asia og delar av Nord-Amerika.
Planta vert kring 15 cm høg. Stengel og nedre blad er stjernehåra. Ho ha grovtagga stengelblad. Begerblad er 4 mm og kronblad 8 mm. Skulpeskaftet er 1 cm.
Fjellskrinneblom blomstrar kring juli ved bekkar og på fuktig grusjord i fjellet. Han veks i alle fjelltrakter i Noreg. Planta er funnen opp til 1980 m i Jotunheimen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Fjälltrav» frå Wikipedia på svensk, den 12. september 2010.