Erwin Piscator
Erwin Piscator | |||
| |||
Fødd | 17. desember 1893 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Greifenstein, Ulm | ||
Død | 30. mars 1966 (72 år) | ||
Dødsstad | Starnberg | ||
Verka som | sceneinstruktør, filmregissør, regissør, teaterviter, skribent, teaterdirektør, manusforfattar, filmklyppar, filmprodusent | ||
Ektefelle | Maria Ley | ||
Prisar | stort fortjenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Goethe-Plakette des Landes Hessen |
Erwin Piscator (17. desember 1893–30. mars 1966) var ein tysk teatersjef, regissør og skodespelarlærar.
Liv og verk
[endre | endre wikiteksten]Erwin Piscator var elev av den ekspresjonistiske nyskaparen Max Reinhardt. Han var verksam i Berlin i 1919-1931. Oppsetjingane hans var prega av eskperimentell fantasi med bruk av foto- og filmprojektorar. Han talet for ein folketeateridé, og streva etter å utvida den sosiale rekkevidda til teateret. Piscator sitt verk om politisk teater, Das politische Theater (1929), blei brunne av nasjonalsosialister under bokbåla rundt om i Nazi-Tyskland i 1933. Seinare same året fekk han yrkesforbod av teatersektoren innanfor Reichskulturkammer. Han var deretter verksam ei tid i Moskva. Han hadde allereie vendt seg ein del til film, han hadde til dømes skrive manus til Gewitter über Gottland (1927) og regissert Hoppla, wir leben! av Ernst Toller same året. I Sovjetunionen laga han no Vosstanije rybakov (1934). Seinare budde og verka han i Paris og New York og frå 1951 igjen i Tyskland. Han stod òg for gjestespel i Sverige, til dømes i Gøteborg 1954-1955 og Uppsala 1957. Frå 1962 var Erwin Piscator sjef for sitt eige teater, Freie Volksbühne,[1] i Vest-Berlin, som mange då rekna som ein av dei fremste scenane i Tyskland. I 1965 sette han opp den siste førestillinga si her, Ransakningen av Peter Weiss.[1] Piscator skipa omgrepet episk teater.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Das politische Theater. (Berlin: Adalbert Schultz 1929).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Erwin Piscator». Store norske leksikon (på norsk). 3. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Erwin Piscator» frå Wikipedia på svensk, den 19. juli 2023.