Endonym
Endonym er namn brukte om stadar eller grupper på og av desse. «Deutschland» er til dømes endonymet til Tyskland. København er eit endonym på ein by som også til dømes blir kalla Köpenhamn, Kopenhagen og Copenhague. Desse andre namna er eksonym, ettersom dei kjem frå andre språk enn det som blir tala i Danmark. «Nordmenn» er endonymet til folk frå Noreg, og «norsk» er endonymet på språket.
Omgrepet «endonym» blei skipa av slavisten Otto Kronsteiner på 1970-talet.
Ein enkeltstad kan ha fleire ulike endonym. Til dømes er både «Noreg» og «Norge» endonym på høvesvis nynorsk og bokmål. Sveits har namn på dei fire offisielle språka i landet, Schweiz (tysk), Suisse (fransk), Svizzera (italiensk) og Svizra (retoromansk), som dermed alle kan reknast som endonym.
«Helsingfors» og «Helsinki» er endonym på svensk og finsk, medan «San Sebastián» og «Donostia» er endonym på spansk og baskisk. San Sebastián/Donostia og Åbo/Turku er døme på på endonym som skil seg mykje frå kvarandra, medan Helsingfors og Helsinki språkleg knytte til kvarandre.
Historiske endonym eller ein mellomting mellom eksonym og endonym kan vera namn som tidlegare er blitt brukte i ein stad, men som ikkje er i bruk der meir fordi språket er forsvunne derfrå. Slike namn kan vera politisk betente og kan til dømes antyda krav på territorium. Til dømes finst det eit stort tal tyske namn på stader i Polen og Tsjekkia.
Av ulike grunnar kan det fremjast ønske om å gå over frå ulike eksonym til å bruka endonym. Samar og inuittar er døme på dette, der tidlegare namn kan vera nedsetjande eller upresise. Statar kan også oppfordra til bruk av endonym, som Elfenbeinskysten, som har gått inn for at det offisielle franske namnet på landet, Côte d'Ivoire, skal nyttast i alle internasjonale samanhengar. I SN har denne oppfordringa gått gjennom, slik at landet blir omtalt også i engelske og spanska FN-dokument som «Côte d'Ivoire» i staden for dei engelske og spanske eksonyma «Ivory Coast» eller «Costa de Marfil».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Endonym» frå Wikipedia på svensk, den 12. september 2022.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Rostvik, Allan (1987). Exonymer i moderna svenska skolatlaser. I: Nionde nordiska namnforskarkongressen, Lund 4–8 augusti 1985. Lund: Dialekt- och ortnamnsarkivet, s. 281–291.
- SAOL, Svenska Akademiens ordlista över svenska språket (2006) 13 uppl. Stockholm: Norstedt.