Elvin Jones
Elvin Jones | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 9. september 1927 Pontiac |
Død | |
Yrke | jazztrommis, plateartist |
Språk | engelsk |
Medlem av | The Jones Brothers, John Coltrane Quartet, John Coltrane Quintet |
Ektefelle | Keiko Jones |
Nettstad | http://www.elvinjones.com/ |
Elvin Jones på Commons |
Elvin Ray Jones (9. september 1927–18. mai 2004) var ein amerikansk jazzbatterist. Han vart fødd i Pontiac i Michigan som yngstemann i ein familie på ti. To av brørne var òg jazzmusikarar: Hank (piano), og Thad (trompet/flygelhorn).
Elvin byrja å spele profesjonelt på 1940-talet. Etter kvar byrja han å spele med artistar som Charlie Parker, Miles Davis og Wardell Grey. I 1955, etter å ha vorte vraka etter prøvespeling for Benny Goodman, fann han arbeid i New York. Han vart med i bandet til Charles Mingus, og gav ut ei plate med namnet J is for Jazz. I 1960 vart han medlem av den klassiske kvartetten til John Coltrane med Jimmy Garrison og McCoy Tyner. Han heldt fram med å spele med Coltrane til 1966. Samspelet med Coltrane har av mange vorte sett på som ei redefinering av swing (den rytmiske jazzkjensla), på same måte som Louis Armstrong gjorde det i jazzen sin barndom.
Etter samarbeidet med Coltrane byrja han å spele med Duke Ellington. Etter kvart danna han sitt eige turnéband, Jazz Machine, som normalt ein kvintett, og heldt fram i den same musikalske retninga. Sansen for timing, polyrytmikk, dynamikk, klang og legato-frasering, og det enorme lydvolumet han produserte, fekk trommesettet i framgrunnen.
Jones underviste regelmessig og spela på skular og i fengsel. Undervisningen bestod av både trommeteknikk og musikkhistorie. Han døydde av hjartesvikt i Englewood, New Jersey 18. mai 2004.
Diskografi i utval
[endre | endre wikiteksten]Med Sonny Rollins
[endre | endre wikiteksten]- Live At The Village Vanguard
- East Broadway Rundown
Med John Coltrane
[endre | endre wikiteksten]- My Favorite Things
- Coltrane's Sound
- Impressions
- Ole
- Coltrane Plays The Blues
- Africa Brass
- Live At The Village Vanguard
- Live At Birdland
- Coltrane
- A Love Supreme
- Selflessness Featuring My Favorite Things
- Ascension
- Sun Ship
- Expression
- First Meditations
- Meditations
Med McCoy Tyner
[endre | endre wikiteksten]- Plays Duke Ellington
- The Real McCoy
Med Wayne Shorter
[endre | endre wikiteksten]- Night Dreamer
- Juju
- Speak No Evil
Eige band
[endre | endre wikiteksten]- Puttin' It Together
- The Ultimate
- Polycurrents
- Live At The Light House
- Genesis
- Heavy Sounds (saman med Richard Davis)
Noregsbesøk
[endre | endre wikiteksten]- 1975 Elvin Jones Sextett på Kongsberg Jazzfestival
- 2002 Elvin Jones Jazz Machine på Kongsberg Jazzfestival
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |