Eight Miles High av Golden Earring
Eight Miles High av Golden Earring Studioalbum av Golden Earring | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1969 | |
Studio | Olympic Studio, London | |
Sjanger | Hardrock, progressiv rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 37:51 | |
Selskap | Polydor (Europa) Atlantic (USA) | |
Produsent | Fred Haayen | |
Golden Earring-kronologi | ||
---|---|---|
On the Double (1969) |
Eight Miles High av Golden Earring | Golden Earring (1970)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Eight Miles High er det femte studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1969. Det var det første albumet dei gav ut med det nye namnet Golden Earring (tidlegare Golden Earrings) og det einaste albumet deira med trommeslagaren Sieb Warner.
Tittelsporet på albumet, «Eight Miles High», er ein song av The Byrds frå 1966. Denne er drege ut til 19 minuttar og tar opp heile side to av plata. På somme konsertar i USA kunne denne songen vere heile 45 minuttar lang. Det er uansett det lengste sporet Golden Earring gav ut. Musikalsk er plata prega av acid rock og psykedelisk rock. Songen «Song of a Devil's Servant» var alt gjeve ut på føregangaren On the Double (1969), men har her ei meir psykedelisk kjensle.
Albumet vart spelt inn i løpet av fem dagar i Olympic Studio i London.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane er skrivne av Kooymans utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Landing» | Gerritsen | 4:27 |
2. | «Song of a Devil's Servant» | Kooymans | 6:00 |
3. | «One Huge Road» | Kooymans | 3:05 |
4. | «Everyday's Torture» | Kooymans | 5:19 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Eight Miles High» | Gene Clark, David Crosby, Roger McGuinn | 19:00 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- George Kooymans – gitar, vokal
- Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument
- Barry Hay – fløyte, rytmegitar, vokal
- Sieb Warner – perkusjon, trommer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eight Miles High (album)» frå Wikipedia på engelsk, og «Eight Miles High (album)» frå Wikipedia på nederlandsk den 24. november 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: