Drobeta-Turnu Severin
Drobeta-Turnu Severin | |||
---|---|---|---|
Teateret i Drobeta-Turnu Severin | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Mehedinți | ||
Borgarmeister | Marius-Vasile Screciu | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
57,43 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
79 865 1 390,6 /km² | ||
Koordinatar | 44°34′0″N 22°40′0″E / 44.56667°N 22.66667°E | ||
Høgd over havet | 65 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 220xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 52 | ||
Bilnummer | MH | ||
Nettstad: www.drobetaturnuseverin.ro |
Drobeta-Turnu Severin (/dro'be.ta 'tur.nu se.ve'rin/, ungarsk Szörényvár, bulgarsk Северин; serbisk Дробета-Турну Северин) er ein by i Mehedinți fylke i Oltenia i Romania. Han ligg på venstre sida av Donau, like nedanfor Jernporten. Byen har om lag 105 000 innbyggjarar.
Byen oppstod som ein getisk busetnad, men fungerte seinare i antikken som ein base for dei romerske krigane mot Dakia. Nær byen finst ruinar av Trajanbrua over Donau, som keisar Trajan fekk Apollodoros frå Damaskus til å byggje i år 103. Staden vart øydelagd av hunarane på 400-talet, men gjenoppbygd av keisar Justinianus I (527-565). Namnet på byen kjem frå det latinske namnet Drobetae og av Turnu Severin, det vil seie «Nordtårnet», som viser til tårnet som austromarane bygde på nordsida av Donau. Byen kom i mellomalderen inn under Ungarn, som oppretta eit katolsk sete her. I 1330 kom byen inn under Valakia, som var under osmansk overhøgd frå 1524 til 1829. Valakia vart ein del av Romania i 1861.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Drobeta-Turnu Severin er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Drobeta-Turnu Severin | 84 876 | 73 097 |
Dudașu Schelei | 569 | 475 |
Gura Văii | 1 783 | 1 440 |
Schela Cladovei | 5 389 | 4 853 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Drobeta-Turnu Severin» frå Wikipedia på engelsk, og «Drobeta-Turnu Severin» frå Wikipedia på svensk den 10. juli 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.