Down in the Groove
Down in the Groove Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. mai 1988 | |
Innspelt | 1983–1987 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 32:10 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Dylan og Mark Knopfler på «Death Is Not the End», resten av albumet ikkje oppført | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Knocked Out Loaded (1986) |
Down in the Groove | Dylan & the Dead (1989)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | C+[3] |
Entertainment Weekly | C+[4] |
MusicHound | [5] |
Rolling Stone | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
Down in the Groove er det 25. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records, utgjeve 30. mai 1988.
Albumet var i stor grad eit samarbeidsprosjekt og var det andre albumet hans på rad som nesten berre fekk dårleg kritikk. Albumet kom ut i ein periode då karrieren hans var på veg nedover. Salstala var skuffande og albumet nådde berre 61. plassen i USA og 32. plassen i Storbritannia, medan det i Noreg nådde sjuandeplassen.
Innspeling og mottaking
[endre | endre wikiteksten]Sjølv til Dylan å vere, var det ei vanskeleg album å få i stand. Utgjevinga vart føst utsett meir enn eit halvår, og innhaldet vart endra minst tre gonger. Som føregangaren, Knocked Out Loaded, brukte Dylan igjen fleire samarbeidspartnarar enn vanleg, mange av dei frå dette førre prosjektet. Det var første gongen Dylan samarbeidde med Grateful Dead, på songen «Silvio» som var ein av få songar på albumet som fekk ein viss suksess som singel. Songen vart sidan gjeven ut på Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3 og The Essential Bob Dylan.
Turneen Dylan la ut på sommaren 1988 skilde seg ut frå dei førre turneane han hadde gjort. Dylan hadde hatt med seg store band på scenen, ofte med høgt profilerte artistar som Mick Taylor, Ian McLagan, The Grateful Dead og Tom Petty and the Heartbreakers. Denne gongen sette Dylan i saman eit lite firemannsband med gitarist G.E. Smith, bassist Kenny Aaronson og trommeslagar Christopher Parker. Songutvalet vart òg langt meir dristig og ei setliste kunne endre seg totalt frå den eine konserten til den neste. Dylan turnerte særs mykje dei neste åra. Desse nesten samanhengande turnane har derfor vorte kalla «Never Ending Tour». Sjølv om Dylan har skifta ut musikarane har han halde på dette enkle formatet fram til i dag.
Songen «Death is Not the End» var eit samarbeid med Full Force, som då var ei populær hip-hop-gruppe frå Brooklyn. Dei medverka derimot berre med vokalharmoniar, ikkje rap. «Death Is Not the End» vart spelt av Nick Cave i 1996.
I 2007 kalla Rolling Stone Down in the Groove det verste Bob Dylan-albumet.[7] I 2017 la magasinet til at «Dylan-fansen vil for alltid diskutere om kva punkt i karrieren som var det lågaste, men dei fleste set punktet til tida då Down in the Groove nådde butikkhyllene i mai 1988.»[8]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Let's Stick Together» | Wilbert Harrison | 3:09 |
2. | «When Did You Leave Heaven?» | Walter Bullock, Richard Whiting | 2:15 |
3. | «Sally Sue Brown» | Arthur June Alexander, Earl Montgomery, Tom Stafford | 2:29 |
4. | «Death Is Not the End» | Bob Dylan | 5:10 |
5. | «Had a Dream About You, Baby» | Bob Dylan | 2:53 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ugliest Girl in the World» | Bob Dylan, Robert Hunter | 3:32 |
2. | «Silvio» | Bob Dylan, Robert Hunter | 3:05 |
3. | «Ninety Miles an Hour (Down a Dead End Street)» | Hal Blair, Don Robertson | 2:56 |
4. | «Shenandoah» | Trad. arr. Bob Dylan | 3:38 |
5. | «Rank Strangers to Me» | Albert E. Brumley | 2:57 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Henta frå plateomslaget.[9]
- Bob Dylan – gitar, munnspel, klaverinstrument, vokal; produsent på «Death Is Not the End»
- Michael Baird – trommer
- Peggie Blu – korvokalist
- Alexandra Brown – korvokal
- Eric Clapton – gitar
- Alan Clark – klaverinstrument
- Carolyn Dennis – korvokal
- Sly Dunbar – trommer
- Nathan East – bassgitar
- Mitchell Froom – klaverinstrument
- Full Force – korvokal
- Jerry Garcia – vokal
- Willie Green jr. – korvokal
- Beau Hill – klaverinstrument
- Randy Jackson – bassgitar
- Steve Jones – gitar
- Steve Jordan – trommer
- Danny Kortchmar – gitar
- Bobby King – korvokal
- Clydie King – korvokal
- Larry Klein – bassgitar
- Mark Knopfler – gitar, produsent på «Death Is Not the End»
- Brent Mydland – vokal
- Madelyn Quebec – klaverinstrument, korvokal
- Robbie Shakespeare – bassgitar
- Stephen Shelton – trommer, klaverinstrument, lydteknikar, miksing
- Paul Simonon – bassgitar
- Henry Spinetti – trommer
- Bob Weir – vokal
- Kip Winger – bassgitar
- Ronnie Wood – bassgitar
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Coke Johnson – lydteknikar
- Mike Kloster – assisterande lydteknikar
- Jeff Musel – assisterande lydteknikar
- Jim Preziosi – assisterande lydteknikar
- Brian Saucy – assisterande lydteknikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Down in the Groove» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Down in the Groove på Allmusic. Henta 7. desember 2018.
- ↑ Rolling Stone 14. juli 1988, arkivert frå originalen 18. juni 2018, henta 7. desember 2018
- ↑ Christgau, Robert. Bob Dylan. Henta 7. desember 2018.
- ↑ EW Dylan catalog review
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 7. desember 2018.
- ↑ «Rolling Stone’s 15 Worst Albums By Great Bands». Rolling Stone Magazine. Arkivert frå originalen 2. mars 2014. Henta 7. desember 2018.
- ↑ Greene, Andy (2017). Bob Dylan: The Complete Album Guide. New York, NY: Rolling Stone. s. 61.
- ↑ «Bob Dylan - Down in the Groove (sleeve)». vinylrecords.ch.