Deva i Romania
Deva | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Deva | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Hunedoara | ||
Borgarmeister | Florin Oancea | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
34 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
53 113 1 562,1 /km² | ||
Koordinatar | 45°52′41″N 22°54′52″E / 45.87806°N 22.91444°E | ||
Høgd over havet | 187 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 330xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 0x 54 | ||
Bilnummer | HD | ||
Nettstad: www.primariadeva.ro |
Deva (tysk Diemrich, ungarsk Déva) er ein by i Transilvania, på venstresida av elva Mureș i Romania. Han er fylkeshovudstad i Hunedoara fylke og har om lag 55 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I antikken låg det ein dakisk festning her kalla Decidava. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1269. Under voivodee Johan Hunyadi vart Deva eit viktig militært og administrativt senter. Han vart delvis øydelagd av osmanarane i 1550 og vart så bygd opp att med forsterka festningsverk. I 1621 omforma og utbygde fyrst Gabriel Bethlen Magna Curia-palasset i renessansestil.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Deva er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Deva | 58 860 | 50 753 |
Sântuhalm | 597 | 491 |
Archia | 113 | 108 |
Bârcea Mică | 261 | 177 |
Cristur | 1 292 | 1 584 |
Storbyområde
[endre | endre wikiteksten]Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Deva, bykommunane Hunedoara (municipiu), Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Deva i Romania» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.