Den nasjonale filmprisen i India
Utsjånad
Den nasjonale filmprisen, engelsk National Film Awards, er ein statleg filmpris gjeven ut i India. Han blei skipa i 1954, og har sidan 1973 blitt administrert av det statlege Directorate of Film Festivals, saman med International Film Festival of India og Indian Panorama.[1][2]
Prisvinnarane blir valde ut av eit panel sett saman av styresmaktene. Prisutdelinga blir halden i den indiske hovudstaden New Delhi, der presidenten av India deler ut prisane. Deretter opner den nasjonale filmfestivalen, der vinnarfilmen blir vist.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Official site Directorate of Film Festivals
- ↑ Film Festival Arkivert 17. juni 2008 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «National Film Awards» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2019.
- Matthew, K.M. (2006), Manorama Yearbook 2006, Malayala Manorama, India, ISBN 81-89004-07-7