De facto
Utsjånad
De facto kjem frå latin og tyder «faktisk» eller «i røynda». De facto er det motsette av de jure som tyder «etter lov». Om noko er de facto er det som regel allment anerkjend.
I juridiske situasjonar tyder de jure det som lova seier, medan de facto viser til korleis lova faktisk vert tolka og nytta.