David Cameron
David Cameron | |||
| |||
Statsminister i Storbritannia | |||
Periode | 2010-2016 | ||
---|---|---|---|
Parti | Det konservative partiet i Storbritannia | ||
Fødd | 9. oktober 1966 | ||
Fødestad | Marylebone | ||
Mor | Mary Fleur Mount | ||
Far | Ian Donald Cameron | ||
Ektefelle | Samantha Cameron | ||
Barn | Ivan Cameron, Nancy Cameron, Arthur Cameron, Florence Cameron | ||
Medlem | Bullingdon Club | ||
Føregangar | Gordon Brown | ||
Etterfølgjar | Theresa May |
David William Donald Cameron (fødd 9. oktober 1966) er tidlegare statsminister i Storbritannia og partileiar for Det konservative partiet i Storbritannia. Han vart statsminister 11. mai 2010 og gjekk av etter folkerøystinga om EU-medlemskap den 13. juli 2016.
I parlamentet representerte han valkrinsen Witney (frå 2001). Han blei medlem av det konservative skuggekabinettet i september 2004. Den 29. september 2005 kunngjorde han at han stilte som kandidat til å bli partileiar for det konservative partiet.
Cameron er utdanna ved den prestisjetunge privatskolen Eton College og ved Universitetet i Oxford, der han studerte statsvitskap, filosofi og økonomi. Før han blei vald inn i det britiske parlamentet som medlem for Witney, arbeidde han med PR i medieselskapet Carlton Communications. Tidlegare har han òg arbeidd som politisk rådgjevar for finansminister Norman Lamont og innanriksminister Michael Howard i John Major si konservative regjering (1992-1997).
I løpet av perioden sin som partileiar førte Cameron Det konservative partiet mot sentrum i britisk politikk, og dette var noko av grunnlaget for den framgangen partiet fekk ved parlamentsvalet i 2010.
Cameron er gift med Samantha Sheffield (fødd 1971) og har to born, fødde i 2004 og 2006.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David Cameron» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2008.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |