Hopp til innhald

Daffy Duck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daffy Duck

Opptrer iLooney Tunes

Daffy Duck er ein teiknefilmfigur frå Warner Bros.-seriane Looney Tunes og Merrie Melodies. Han vart først laga av regissøren Tex Avery og animatøren Bob Clampett,[1] og var først med i Porky's Duck Hunt 17. april 1937.[2] Daffy Duck er ei svart and som er kjent for ein galen, luren oppførsel og ei overdriven lesping.[3] Den første stemmeskodespelaren som gav stemme til anda var Mel Blanc.[1] Daffy Duck har òg vore med i filmar som Looney Tunes – Back in Action[4] og Space Jam[5] og i 2003–2005 spelte han sitt alter-ego, Duck Dodgers, i TV-serien med same namn som vart synt på Cartoon Network.[6]

Daffy Duck var òg gjennomgangsfiguren i teikneseriebladet Daffy, som kom i norsk versjon frå 1958 til 1969.[7]


  1. 1,0 1,1 «Daffy Duck | Cartoons, First Appearance, Voice, & Voice Actor | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 8. desember 2023, henta 11. januar 2024 
  2. Beck, Jerry; Friedwald, Will (1989). Looney Tunes and Merrie Melodies: A Complete Illustrated Guide to the Warner Bros. Cartoons. Henry Holt and Co. s. 55. ISBN 0-8050-0894-2. 
  3. «Daffy Duck (Character)», Comic Vine (på engelsk), henta 11. januar 2024 
  4. «Looney Tunes: Back in Action». Behind The Voice Actors (på engelsk). Henta 18. mai 2020. 
  5. Maslin, Janet (15. november 1996). «Icons Meet: Bugs, Daffy And Jordan». The New York Times. Arkivert frå originalen 31. oktober 2010. Henta 12. september 2010. 
  6. «FOR YOUNG VIEWERS; The First Duck in Space? That Is So Daffy». The New York Times. 21. september 2003. Arkivert frå originalen 9. november 2012. Henta 20. oktober 2010. 
  7. Gisle, Jon (22. august 2023). «Daffy Duck». Store norske leksikon (på norsk).