Cyrille Regis
Cyrille Regis | |
Statsborgarskap | Frankrike, Storbritannia |
Fødd | 9. februar 1958 Maripasoula |
Død | 14. januar 2018 (59 år) |
Idrett | fotball |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Cyrille Regis (9. februar 1958–14. januar 2018) var ein britisk fotballspelar, fødd i Fransk Guyana. Han spelte midtspiss på West Bromwich Albion i sju sesongar, og like lenge på Coventry City.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Regis fekk kontrakt med West Bromwich sommaren 1977 og var ein flittig målskårar for fyrstedivisjonslaget i sju år. I 1984 flytta han over til Coventry City mot 250 000 pund. Våren 1987 var han med om å sikre klubben sitt einaste trofe. Den 16. mai spelte han heile kampen då Tottenham Hotspur vart slått 3 – 2 i finalen i FA-cupen. Etter å ha vore benkeslitar ei tid, gjekk han sommaren 1991 vidare til Aston Villa. Perioden 1993-96 spelte han ein sesong i kvar av klubbane Wolverhampton Wanderers, Wycombe og Chester.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Regis deltok i 5 av England sine landskampar, fire i 1982 og den siste hausten 1987. Han var innbytar i tre av kampane, skåra ingen mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av FA-cupen: 1987 med Coventry City
Regis døydde av hjartestans.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cyrille Regis» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2021.