Hopp til innhald

Burt Reynolds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burt Reynolds

Fødd11. februar 1936
FødestadLansing
Død6. september 2018 (82 år)
DødsstadJupiter
FødenamnBurton Leon Reynolds, Jr.
Aktive år1958–2018
Verka somskodespelar, songar, amerikansk fotball-spelar, manusforfattar, filmprodusent, filmregissør, fjernsynsskodespelar, skribent, regissør, filmskodespelar, produsent, forfattar, forretningsdrivande, stemmeskodespelar
FarBurton Milo Reynolds, Sr.
EktefelleLoni Anderson, Judy Carne
SambuarDinah Shore, Sally Field
PrisarFlorida Artists Hall of Fame, Golden Globe, Emmy-prisen, Primetime Emmy Award for Outstanding Lead Actor in a Comedy Series, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Burton Leon Reynolds Jr. (11. februar 19366. september 2018),[1] kjend som Burt Reynolds, var ein amerikansk filmskodespelar. Truleg vert han best hugsa som «Bandit» i filmen Smokey and the Bandit frå 1977.

Reynolds blei først kjend gjennom roller i fleire ulike fjernsynsseriar som Gunsmoke (1962–1965), Hawk (1966) og Dan August (1970��1971). Han hadde hovudroller o filmar som Navajo Joe (1966), men fekk eit gjennombrt som Lewis Medlock i Deliverance (1972). Reynolds spelte deretter hovudroller i fleire publikumssuksessar The Longest Yard (1974), Smokey and the Bandit (1977), Semi-Tough (1977), The End (1978), Hooper (1978), Starting Over (1979), Smokey and the Bandit II (1980), The Cannonball Run (1981), Sharky's Machine (1981), The Best Little Whorehouse in Texas (1982) og Cannonball Run II (1984). For fleire av desse var han også regissør. Han blei nominert til Golden Globe Award for Best Actor – Motion Picture Musical or Comedy to gonger.

Etter fleire filmar som ikkje gjorde det bra vende Reynolds attende til fjernsyn og spelte i situasjonskomedien Evening Shade (1990–1994), som han vann ein Golden Globe- og Primetime Emmy-pris for. Rolla som den moralske pornografen Jack Horner i Boogie Nights (1997) gav han kritikarmerksemd og endå ein Golden Globe-pris og nominasjonar til ein oscarpris og ein BAFTA-pris.|[2][3] [4]

Reynolds var son av Harriet Fernette «Fern» (fødd Miller, 1902–1992) og Burton Milo Reynolds (1906–2002). Han hadde nederlandsk, engelsk, skotsk-irsk og skotsk opphav. Sjølv påstod han gjerne at han hadde cherokee- og italiensk opphav.[5][6] Gjennom karrieren sin sa Reynolds gjerne at han var fødd i Waycross i Georgia. I 2015 fortalde han at han i røynda var fødd i Lansing i Michigan.[7]

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]

(utvalde filmar)

  • Angel Baby (Debut, 1961)
  • Nickelodeon (1976)
  • Smokey and the Bandit (1977)
  • Smokey and the Bandit II (1980)
  • Smokey and the Bandit Part 3 (1983)
  • The Man Who Loved Women (1983)
  • Cannonball Run II (1984)
  • Frankenstein and Me (1996)
  • Citizen Ruth (1996)
  • Striptease (1996)
  • Bean (1997)
  • Boogie Nights (1997)
  • Mystery, Alaska (1999)
  • Time of the Wolf (2002)
  • The Longest Yard (2005)
  1. Natale, Richard (6. september 2018). «Burt Reynolds, Star of 'Deliverance,' 'Smokey and the Bandit,' Dies at 82». Variety. Henta 6. september 2018. 
  2. «Burt Reynolds». Golden Globe Award. United States: Hollywood Foreign Press Association. Henta 29. mars 2018. 
  3. Fisher, Luchina (18. august 2011). «Burt Reynolds On His Money Woes». ABC News. Henta 25. oktober 2017. 
  4. Rosen, Christopher (3. desember 2015). «Burt Reynolds says he 'hated' Paul Thomas Anderson». Entertainment Weekly. Henta 19. mars 2017. 
  5. Brian Baxter (6. september 2018), "Burt Reynolds obituary", The Guardian. Henta 9. september 2018
  6. «Burt Reynolds: What he lacked in talent he made up for with charm and sex appeal». 
  7. «Burt Reynolds finally reveals he was born in Lansing». Detroit Free Press. 19. november 2015. 
Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.