Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Jarle

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei Jarle, og velkommen ombord! -- Olve 22:17, 22 Sep 2004 (UTC)

Hei Jarle, det var kjekt å sjå at du fann oss så snart! Jarle er ein nynorskwikipediaveteran. For dei av dykk som var med den gong, var Jarle i fjor ein av føregangskjemparane for nynorskwikipedia. Sjå artikkelen om Wikipedia på nynorsk. BjarteSorensen 22:46, 22 Sep 2004 (UTC)

Omsetjing av brukargrensesnittet

[endre wikiteksten]

Hei Jarle! Som du sikkert har lagt merke til på brukarportalen så er nynorsk-omsetjinga av brukargrensesnittet til Wikipedia nesten ferdig. Det hadde vore fint om du to tok ein kikk på problemorda og gav tilbakemelding der, du treng ikkje sjå gjennom heile omsetjinga.--Dittaeva 08:21, 14 Oct 2004 (UTC)

La inn nokre få merknader, elles såg det særs fint ut! --Jarle 12:04, 14 Oct 2004 (UTC)

Hei Jarle. Det eg nett sa til Gunnernett gjeld deg òg: "Du har gjort mykje bra for nynorskwikipediaen og eg veit du ønskjer det beste for han, så eg lurte på om du kunne tenkja deg administratorrettigheiter? Det vil seia at du kan sletta sider, finna fram att tidlegare sletta sider, attenderulle (eller kva nå slags namn me får på det til slutt), blokkera brukarar og ta vekk blokkeringar og meir. Eg har skrive deg (og Ranveig og Jarle) på Wikipedia:Administratorar#Kandidatar, så viss du slettes ikkje ønskjer så kan du gå der og sletta namnet ditt." Helsing Bjarte 21:48, 19 Oct 2004 (UTC)

Takk skal du ha. Om det er greitt for dykk hev eg inkje imot å vera administrator ;-)

Kategori --> Category

[endre wikiteksten]

Hei Jarle! Ser at du har brukt ein robot til å endra "Kategori"-lenkjer til "Category"-lenkjer. Eg reknar med at dette er fordi du har sett at [[kategori:]]-lenkjer ikkje fungerar. Grunnen til dette er at ein må bruka stor førebokstav og skriva "[[Kategori:]]", det er såleis 'den endringa botten din skulle gjort. Ettersom eg reknar med at du er einig i at mest mogleg bør vera på nynorsk så lenge dette fungerar, skal eg prøva å rulla tilbake endringane dine. Dersom dette ikkje gjeng, er det fint om du endrar tilbake sjølv (dersom eg ikkje tek feil og "Kategori:" faktisk ikkje fungerar).

Men før du brukar botten din att bør du registrera den slik at ein kan gøyma den på Siste endringar sida. Eg er ikkje sikker på kvar du kan gjera dette, men eit utgangspunkt finn du på en:Wikipedia:Bots. Til slutt vil eg oppfordra deg til å læra botten din nynorsk og heller kalla han for "Jarlebott" då "robot" er litt lite spesifikt dersom det skulle komma fleire bottar til.

Ellers er det veldig fint at me har ein med robotkompetanse med på laget!--Dittaeva 24. okt 2004 kl. 19:37 (UTC)

Eg var usikker på kva eg skulle gjera, men [[Category: såg ut til å vera det mest problemfrie, og roboten kan lett endra attende til [[Kategori:. For meg virka det som om [[Kategori:-lenker ikkje alltid oppretta kategorien. Sjølvsagt skal eg retta opp att alt om det syner seg at [[Kategori: er problemfritt (og du ikkje får rulla attende endringane).

Nynorskopplæring og registrering er undervegs ;) Jarle 24. okt 2004 kl. 20:32 (UTC)

Du må sjølvsagt kalla botten din kva du vil, men eg tykkjer at "Fagerbott" er enno betre enn "Jarlebott".--Dittaeva 25. okt 2004 kl. 12:34 (UTC)
"Fagerbott" var eit fint namn! Må eg oppretta han på nytt eller kan Robot omdøypast? Jarle 25. okt 2004 kl. 13:49 (UTC)
Robot kan omdøypast, det finst ei side for å be om det på meta eller en, men det enklaste er å berre registrera på nytt, han har jo ikkje gjort så mykje enno. Du kan uansett be om at Robot-redigeringar blir overført til Fagerbott i ettertid.--Dittaeva 25. okt 2004 kl. 17:23 (UTC)
[[Kategori: med stor bokstav verkar faktisk ikkje — mykje av tida. Category er det einaste som ser ut til å vera «idiotsikkert» akkurat no... Fint at du bottar dette! -- Olve 24. okt 2004 kl. 21:24 (UTC)
Ein bug har blitt fiksa akkurat no, eg trur den var grunnen. Fint om de fortsatt prøver med norsk versjon, og gjev spesifikke eksempel dersom det framleis ikkje verkar.--Dittaeva 24. okt 2004 kl. 21:41 (UTC)
Trur Robot hev læra seg norsk no, men om han skal nyttast meir bør ein byråkrat gje han robot-status. Me får sjå fyrst om ikkje denne feilen forsvinn snart. Jarle 24. okt 2004 kl. 22:19 (UTC)

Forslag til prioriterte oppgåver/arbeidsmåtar

[endre wikiteksten]

Hei Jarle :) Har lagt inn eit forslag til prioriterte oppgåver/arbeidsmåtar på Samfunnshuset. Hovudtrekka er: (1) Vi veks. Det fører med seg ansvar. (2) Finn lenkjer til no:/sv:/da:/fo:/is:/fi:/ (eller minst dei tre første) og legg dei øvst i interwikilenkjelista; og (3) lat oss vera proffe og samarbeide så godt vi kan med no:. Sjekk gjerne ut det eg skreiv og redigér det der set er rom for betring. Om du skulle finne ei brukardiskusjonsside utan denne notisen frå meg, så sprei han gjerne! -- Olve 10. nov 2004 kl. 08:23 (UTC)

Arbeid til Fagerbott

[endre wikiteksten]

Ordskiftet om årstal er flytt til Kategoridiskusjon:Årstal.

Hei Jarle, Kunne du tenkje deg å setja Fagerbotten din til å gå gjennom alle sider her på nn: og endre [[no: til [[no: ? :) -- Olve 18. feb 2005 kl. 0133 (UTC)

Det skulle vera ei smal sak. Eg set i gong om det er semje mellom brukarane. Jarle 18. feb 2005 kl. 0517 (UTC)
Det ser no ut til at det er det — einaste ikkje-anonyme protest så langt er Wolfram som meiner at det ikkje er rett for nokon utanom nb:/no: å avgjera kva namnet på «hans» Wikipedia skal vera — eit argument som ikkje held for Nynorsk Wikipedia lokalt, ettersom vi etter same logikk om suverenitetsprinsipp kan avgjera kva vi vil at lenkjer til bokmålsartiklar skal sjå ut som. Ein anonym brukar gav seg nettopp ut på ein reverteringskrig med artikkelen Samaritanarar. Ettersom denne anonyme brukaren er anonym og ikkje etterlét seg eit einaste ord som kommentar, så kan vi vel sjå bort frå denne òg. Elles har Kristian André, Guttorm, Verdlanco og Bep uttrykt støtte for nb:-koding på nn: her og Ranveig har vist støtte for dette i praksis, som det går fram av brukarbidraga hennar. -- Olve 18. feb 2005 kl. 0549 (UTC)

Me dansar som robotar

[endre wikiteksten]

Hei! Eg er interessert i robotar og fekk tips av Olve om å spørja deg om det. Er det nokon stad eg kan lesa om dette, og/eller har du nokre konkrete tips? På førehand takk.    Eg har sett føre meg to slags robotar, eller ein med to operasjonsmåtar: (a) For ein artikkel som manglar interwiki-liste, eller der lista er mangelfull, oppgje namnet til ein tilsvarande artikkel på ein annan wikipedia og kopiera inn det som manglar frå denne. (Må òg leggja til ei line med den wikien som lista vart kopiert frå.)    (b) Gå gjennom interwiki-lista i ein artikkel og sørgja for at alle som manglar lenke til artikkelen får det.    Begge desse er kan hende mest aktuelle for nyskrivne artiklar, men kan for så vidt brukast til vedlikehald av alle artiklar. --Eddi (Snakk) 22. jan 2005 kl. 2353 (UTC)

(sjå svar på diskusjonssida hans Eddi. --Jarle)

SkanWiki og bottar

[endre wikiteksten]

Hei Jarle. Som du sikkert har fått med deg har det skjedd mykje her på nn og på no i det siste! Eg har eit lite bot-oppdrag for deg. Ta ein titt på meta:SkanWiki/SkanBot og sjå om dette er noko for deg. Bjarte 27. mar 2005 kl. 1319 (UTC)

Hei, Jarle, triveleg at du vil vere med på språkprosjekt. Eg kjenner ikkje deg, men viss du er den som automatiserer ting er du meir enn velkomen. Det er 6500 språk i verda. Gode artiklar om alle saman er urealistisk, men det som bør vere mogleg er å spleise ei liste over språknamn med ei liste av SIL-kodar og eit script som genererer språkmalen vår for kvart språk. Elles går det sjølvsagt også fint å lage artiklar om einskildspråk. Trondtr 17. jun 2005 kl. 2050 (UTC).

Hei, Trond! Orsak for seint svar. Eit sovoret skript skulde vera greidt å få til for ein med Python-kunnskap og tid nog. Diverre hev eg so mykje annat som tek tidi mi no at eg ikkje kann lova nokot, i alle fall ikkje før til etter sùmaren. Gjerne er det einkvan annan brukar her som kann gjera dette både snøggare og betre enn meg? Jarle 26. jun 2005 kl. 0901 (UTC)

Kristendom

[endre wikiteksten]

Hei Jarle, eg veit du har det annsamt for tida, så dette er eit spørsmål eg ikkje ventar vil føre til dei heilt store revolusjonane enno... MEN: Når du får tid og ork hadde det vore utruleg fint om du kunne taka fatt på kristendommen og skrive/omsetja ein artikkel eller femti der når du får tid. Eg spør deg fordi eg veit at du er kyrkjeorganist (o.a.) og fordi du skriv på brukarsida di at du er spesielt interessert i m.a. kristendom, Det nye testamentet og unitarisme. Vi begynner jo å få god dreis på parsisme, hinduisme, sikhisme, jødedom og ymse andre religionar — så da ser det no litt rart ut at det er så «gysla tynt» på kristendommen. (Eller islam, for den saks skuld... Men islam er no ein toprosentsreligion i Noreg og kristendommen godt over 80.) Nåja. Eg veit som sagt at du har det travelt. Dette er berre eit hint om at du har ein «misjon» (så å seie...) — om du skulle føle deg kalla. :-) Olve 29. jun 2005 kl. 0717 (UTC)

Jau, takkar for uppmodingi ;-). Eg hev tenkt å skriva um desse emni snart, må berre lesa nokot meir fyrst — religionsinteressa kveiktest ikkje fyrr no i vår! Jamvel um ikkje «dei heilt store revolusjonane» kjem med ein gong, skal eg sjå kva eg kann gjera i sùmar; og etter august kann eg vonlegt (og trulegt) setja av fullgodt med tid til dette arbeidet. Jarle 30. jun 2005 kl. 2212 (UTC)

Høgnorskartiklar

[endre wikiteksten]

Når me høgnorskskrivarane postar artiklar som berre finst på høgnorsk, bør me syta for at det finst ei tom nynorsksida som peikar til høgnorskversjonen. Vanlege Wikipedia-brukarar som søkjer på eit serskilt ord, søker på "Ordet", ikkje "Hn/Ordet", so dersom artikkelen ikkje finst i offisiell rettskrivingsutgåva, kjem dei heller ikkje til å finna høgnorskartikkelen.

Men eg ser ingen grunn til å posta 2 utgåvor av den same høgnorskartikkelen, både i "Hn/Artikkel" og "Artikkel". Det vert berre forvirrande. Dei som vil ha ein offisiell nynorsk versjon bør fyrst setja om til offisiell nynorsk og deretter lima inn i den tome nynorsksida. Alt anna vert berre rot, spyrr du meg.

Eg ser ikkje heilt kva sum vert "berre rot" med framlegget mitt. Å gjera det lettast råd å tilmåta høgnorske artiklar til nynorsk, og å uppmoda til dette, trur eg er avgjerande for eit godt samliv med gr.-nynorsken. Men eg er open for tankane dine... –Jarle 10. august 2005 kl. 13:28 (UTC)
Tru meg, dette hev einast med umsynet åt dei som nyttar "normalnynorsk" å gjera. Eg hev so smått byrja å wikifisera høgnorskutgåva av "Elektromagnetisk kompatibilitet". Det er ei masse som må gjerast. So det er ingen grunn til å gjera dubbelarbeid på hin artikkelen etterpå. Dei som vil ha "normalnynorsk" versjon bør taka utgangspunkt i den siste versjonen av høgnorskartikkelen. Alt anna fører til masse dubbelarbeid.

Velkommen att!

[endre wikiteksten]

Der var du att, ja. :-) Olve 23. okt. 2005 kl. 00:54 (UTC)

Jo takk, skal sjå um ikkje eg kann vera her litt meir etter kvart ;). Jarle 23. okt. 2005 kl. 11:00 (UTC)

Hello! I really hope you understand English, cause I'm a German and not able to speak any form of Norsk. It would be greateful, if you can change the logos in MediaWiki:Sharedupload and MediaWiki:Shareddescriptionfollows to Fil:Commons-logo.svg! Schaengel89 3. jan. 2006 kl. 12:58 (UTC)

Hei Jarle,

Eg omset artikkelen om Kraków frå bokmål til nynorsk, kunne du gjerne sjå viss nynorsken min var ikkje for tragisk der? ;-) Beste helsing --Dominik K. Cagara 19:23, 8 desember 2006 (CET)

Hei Jarle!

[endre wikiteksten]

Det er meg, Eirik i Målsiddisane her. Eg held på å setja um ein artikkel om The Smiths frå engelsk, og lurte på um du kann henda kunde taka deg bryet med å hjelpa meg med formatering og slikt?

--Eirik W. 15:35, 1 januar 2007 (CET)

Administratorfjerning

[endre wikiteksten]

Hei Jarle. I motsetnad til kva eg trudde så har ikkje byråkratar rettar til å fjerne adminstratorstatusen til brukarar. Dette må ein steward gjere. Om du går hit kan du fylle inn skjemaet som står der. --Frokor 12. oktober 2008 kl. 17:11 (CEST)[svar]