Hopp til innhald

Bowles Ridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bowles Ridge
rygg
Bowles Ridge frå Ongal Peak i Tangra Mountains, med Kuzman Knoll og øvre Huronbreen i midten
Land  Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°37′00″S 60°10′20″W / 62.61667°S 60.17222°W / -62.61667; -60.17222
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Bowles Ridge
62°37′00″S 60°10′20″W / 62.6167°S 60.1722°W / -62.6167; -60.1722
Bowles Ridge is located in Antarktis
Bowles Ridge (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Bowles Ridge (Hrebet Bowles) er den sentrale ryggen aust på Livingston Island. Ryggen strekkjer seg 6,5 km frå aust til vest og er 1,5 km brei. Toppen av ryggen er Mount Bowles som har ei høgd på 822 moh og ligg 9,77 km nordvest for Great Needle Peak, 6,08 km nordvest for Mount Friesland, 8,77 km aust-nordaust for St. Kliment Ohridski-basen og 9,5 km vest for Miziya Peak.

Bowles Ridge grensar til Kaliakrabreen og Strumabreen i nord, til Perunikabreen i vest og sørvest og til Huronbreen i søraust og aust. Han er knytt til Friesland Ridge i Tangra Mountains via Wörner Gap, til Hemus Peak via Dimov Gate og til Melnik Ridge via Yankov Gap.

Ryggen er kalla opp etter Mount Bowles.