Boston
Boston | |||
Motto: Sicut patribus sit Deus nobis | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Fylke | Suffolk County | ||
Del av | New England | ||
Areal | 232,1 km² | ||
Type | by | ||
Folketal | 675 647 (1. april 2020)[1] | ||
Folketettleik | 4 924 / km² | ||
Grunnlagd | 17. september 1630 | ||
Borgarmeister | Michelle Wu | ||
Tidssone | Eastern UTC-5 | ||
Boston 42°21′37″N 71°03′28″W / 42.360277777778°N 71.057777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Boston | |||
Nettstad: http://www.cityofboston.gov |
Boston er hovudstaden og den største byen i delstaten Massachusetts i USA. Boston er òg den største byen i regionen New England og er derfor ofte sett på som ein slags hovudstad i New England. Byen er ein av dei eldste og mest velståande i USA, med ein økonomi basert på utdanning, helsestell, finans og høgteknologi. Boston har nærare 620 000 innbyggarar. Saman med mellom anna kommunane Cambridge og Newton dannar Boston eit samanhengande byområde med nærmare 5 millionar innbyggarar.
Byen blei grunnlagt 17. september 1630 og er oppkalla etter Boston i England. Boston har spelt ei sentral rolle i historia til USA. Frigjeringskrigen frå Storbritannia starta her gjennom Boston Tea Party. Boston er mellom dei fremste både når det gjeld kultur og utdanning og har ei rekke kjente institusjonar på desse områda.
Boston blir styrt av ein borgarmeister og eit City Council. Borgarmeisteren, som er den dominerande styresmakta, blir vald for ein periode på fire år. Bystyret blir valt for ein periode på to år.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Boston var ein av dei tretten opphavlege statane i USA, og blei fyrst folkesett av europearar i 1630.[2] Boston var ein av dei fyrste byane i USA til å gjera motstand mot den britiske kolonistyresmakta. I 1770 var det stor misnøye over skattane innførte av Storbritannia, og folk reagerte ved å gjera narr av soldater. Ved eit høve braut det ut døyeleg vald då britiske soldatar skaut mot ei folkemengd og drap fem personar i den såkalla Bostonmassakren.[3] Ei betre kjend hending var då amerikanske patriotar kledde seg ut som indianarar, 16. desember 1773, og lurte seg ombord på båtar lasta med te frå det Austindia-kompaniet og velta fleire hundre kassar med te ut i vatnet, som ein reaksjon etter at britane aukte skatten på te i 1773.[4][5] Dette blei seinare kalla Boston Tea Party.[6] Briteae reagerte med å blokkera hamna med kampskip og innførte strengt militært styre i byen.[4] Dette var del av opptakten til den amerikanske revolusjonen.[6]
Kjende utdanningsinstitusjonar
[endre | endre wikiteksten]- Boston College
- Boston University
- Northeastern University
- New England Conservatory
- Berklee College of Music
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Boston har ei rekke kjente kulturinstitusjonar
- Boston Symphony Orchestra
- Boston Pops Orchestra
- Boston Ballet
- Museum of Fine Arts
- Museum of Science
- New England Aquarium
Sport
[endre | endre wikiteksten]- Boston Celtics (Basket)
- Boston Red Sox (baseball)
- Boston Bruins (ishockey)
- Boston Marathon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ «Boston - Recreation». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 12. februar 2020.
- ↑ «Boston Massacre». www.ushistory.org. Henta 12. februar 2020.
- ↑ 4,0 4,1 «The Boston Tea Party». HISTORY (på engelsk). Henta 12. februar 2020.
- ↑ «Tea Act». HISTORY (på engelsk). Henta 12. februar 2020.
- ↑ 6,0 6,1 «American Revolution History | Guide To The Revolutionary War». Boston Tea Party Ships (på engelsk). 24. september 2019. Henta 12. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Boston» frå Wikipedia på bokmål, den 2. august 2022.