Borgarleg vigsel
Borgarleg vigsel er ei form for vigsel (inngåing av ekteskap) som blir utført av ein representant for staten,[1] utan medverknad frå eit religiøst trussamfunn eller anna livssynssamfunn. Ein borgarleg vigsel er altså ein livssynsnøytral seremoni og ei rettsleg handling.
Medan vigsel innan eit religiøst trussamfunn kan vera avgrensa til berre å vera for medlemmar av samfunnet, er borgarleg vigsel som regel open for alle som har rett til å inngå ekteskap.[2]
Borgarleg vigsel i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Fram til 2017 var det notarius publicus, dsv. ein domar, dommarfullmektig eller annan tenestemann i tingretten som utførte borgarlege vigslar. Frå 2018 blei borgarleg vigsel eit kommunalt ansvar. Vigselen kan utførast av ordførarar, varaordførarar og andre kommunalt tilsette eller folkevalde slik som kommunestyret avgjer.[3] Vilkåra for å inngå ekteskap og rettsverknadene av ekteskapsinngåinga i Noreg går fram av Lov om ekteskap frå 1991.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Civil Marriage Definition». Marriage.about.com. 10. april 2012. Henta 24. mars 2013.
- ↑ Lødrup, Peter (10. april 2017). «ekteskapsloven». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Endringer i ekteskapsloven: Kommunale vigsler». Regjeringen.no (på norsk). 1. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Borgerlig vigsel» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2018.