Belarane til Penelope
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Belarane til Penelope var i gresk mytologi adelsmennene som hadde kome frå forskjellege greske bystatar for å bela til Penelopeia, kona til den fråverande kongen av Itaka, Odyssevs. Dei opptrer fyrst i Odysseen av Homer.
Fråværet av Odyssevs varte i tjue år, og etterlét trona tom og underlagt grådugheit hjå belarane som oppfordra Penelope til å velja ein ektemann blant dei så snart som mogleg. Dei budde i palasset som dei ville, plyndra det og konsumerte provianten utan å telja. Belarane ville alle bli drepne av Odyssevs når han kom heim.
Identifikasjon
[endre | endre wikiteksten]Belarane var kjende som μνηστῆρες, mnesteres på gammalgresk eller latin proci i romersk mytologi. På begge språk ordet betyr «belarar»
Belarane er framstilt som stolte, valdelege og vonde karakterar, som ikkje respekterer skikkane til gjestfridommen, bur palasset og plyndrar maten hans medan han er fråverande. Dei slakta storfeet til Odyssevs, drakk vinen hans og låg med nokre av dei kvinnelege tenarane, medan dei pressa Penelope for å tvinga henne til å gifta seg med ein av dei..
Mesteparten av tida blir dei omtalte i grupper og snakkar og fungerer som ein kollektiv figur, men fleire belarar er også namngitt. Nokre få er trekte ut som eigne figurar, som Antinoos og Evrymakos, som begge verkar de facto som leiarar for gruppa. Nokre sjeldnare belarar, som Leiodes og Amfinomos, verkar meir moderate i stilen og meir respektfulle for skikkar, men dei enda opp med å bli massakrerte av Odyssevs uansett..
Det langvarige fråværet av Odyssevs gjorde at det kom mange belarar som ønskte å gifta seg med Penelope for å gripa trona til Itaka. Femtito var frå Dulikion, tjuefire frå Samos, tjue frå Zakyntos og tolv frå Itaka. Til dette talet kjem tenarar, seks for belarane frå Dulikion, pluss herolden Medon og skalden («aoidos») Femios.[1] Det var derfor totalt meir enn hundre motstandarar Odyssevs måtte møta då han kom tilbake.
Namneliste
[endre | endre wikiteksten]Belarane namngitt[2] i Odysseen er (i rekkefølgje etter kva tid dei opptrer):
- Antinoos, «son av Evpeites» (song I),
- Evrymakos, «Polybos-sonen» (song I),
- Leiokritos, «son av Evénor» (song II),
- Amfinomos, «Nisos-sonen», frå Dulikion (song XVIII) ;
- Evrydamas (song XVIII),
- Peisandros, «son av Polyktor» (song XVIII),
- Ktesippos, «Polyterses-sonen», frå Samos (song XX),
- Agelaos, «Damastors son» (song XX),
- Leiodes, «sonen aat Oinops» (song XXI),
- Evrynomos, son av Aigyptios (song XXII),
- Amfimedon (song XXII),
- Demoptolemos (song XXII),
- Polybos (song XXII),
- Evryades (song XXII),
- Elatos (song XXII).
Frå opphaldet i palasset til den daudelege mnestherophonia
[endre | endre wikiteksten]Medan Odyssevs var fråverande, stogga Penelope belarane ved å bruka eit triks: ho hevda at ho ville gifta seg med ein av dei når ho var ferdig med å veva eit likklede for Laertes, faren til Odyssevs. I røynda tok ho kvar kveld opp att arbeidet frå dagen før, slik at arbeidet ikkje gjekk vidare. Penelope lurte dermed belarane i tre år, men dei enda opp med å oppdaga bedraget på grunn av ein utru tenar..
I det tjuande året av Odyssevs sitt fråvær, då sonen Telemakos drog for å besøka Nestor i Pylos og deretter Menelaos ved Lakedaimon (Sparta) for å samla informasjon om kva som hadde skjedd med faren, freista belarane å drepa han medan han var på veg heim. Etter eit månadlangt opphald i Sparta kom likevel tilbake til Itaka utan problem. Takka vera hjelpen frå Atene hadde han ikkje møtt belarane.
Etter å ha kome tilbake til Itaka forkledde Odyssevs seg som ein tiggar for å observera situasjonen ved palasset og planlegga hemnen sin. Song XXII: Odyssevs, Telemakos, grisegjetaren Evmaios og oksehyrdingen Filoitios konfronterer belarane og slaktar dei ved hjelp av gudane, spesielt Atene.[3]
Denne passasjen er kjend som mnestherophonia («drapet på belarane»). Etter massakren vart åndene til belarane leidde av Hermes til det underjordiske dødsriket, heimen til guden Hades og der slutta dei seg til dei som hadde falle under trojanarkrigen.
Etter Odysseen
[endre | endre wikiteksten]I det klassiske Hellas vart massakren på belarane sannsynlegvis vist til i ein trilogi av tapte tragediar av Aiskylos: Psychagôgoi («åndsoppløftarane»), Penelope og Ostologoi («beinplukkarane»). Ostologoi såg ut til å forhalda seg til familiane til belarane som kom til Itaka for å samla leivningane og gravlegga dei. Bortsett frå titlane er nesten ikkje noko kjent om desse skodespela i dag.
Ei lang liste med belarar blir vist i epitomen på biblioteket til Pseudo-Apollodoros.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Homerus (1918). Odyssevskvædet. no: Aschehoug. s. 7.
- ↑ Namna er stava slik dei finn i omsetjinga av Homers Odysseen av Arne Garborg. Stavemåten kan likevel avvika i andre verk av nokre seinare forfattarar.
- ↑ Kleiva, Rønnaug (1996), Greske gudar og gudinner, Norske samlaget, ISBN 82-521-4651-1, OCLC 53794595
- ↑ ἐπιτομή, épitomé Ein epitome er eit kort, samanfattande utdrag av eit større verk. ein epitome er forskjellig frå eit resymé sidan resymé er laga av utdrag, medan ein epitome er ei original samling av ein annan forfattar (kalla epitomator). Sjå definisjonar på epitome og epitomator ved snl.no
- Denne artikkelen bygger på «Prétendants de Pénélope» frå Wikipedia på fransk, den 13. september 2022.
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- (fr) Timothy Gantz, Mythes de la Grèce archaïque, Belin, 2004
- (fr) Suzanne Saïd, Homère et l’Odyssée, Paris, Belin, 1998.