Hopp til innhald

Barry White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barry White

Barry White i Grand Gala du Disque Populaire i 1974.
Fødd12. september 1944(1944-09-12)
FødestadGalveston i Texas i USA
Død4. juli 2003 (58 år)
DødsstadLos Angeles i California i USA
FødenamnBarry Eugene Carter
Aktiv1960–2003
SjangerR&B, soul, funk, disco
InstrumentPiano, cembalo, klaverinstrument, vokal, trommer, blokkfløyte
Stemmetypebassbaryton
Tilknytte artistarLove Unlimited, The Love Unlimited Orchestra, Gene Page, Danny Pearson, Gloria Scott, Lisa Stansfield
Plateselskap20th Century, Unlimited Gull, Casablanca, Mercury, Private Music/BMG, A&M, Eagle
Verka somSongar-låtskrivar, plateprodusent, arrangør, musikar
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Barry White (fødd 12. september 1944 som Barry Eugene Carter, daud 4. juli 2003) var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar.

Han var kjend for den særeigne bass-baryton-røysta og det romantiske imaget og vann tre Grammy-prisar gjennom karrieren. Størst suksess hadde White i 1970-åra som soloartist og med Love Unlimited Orchestra, der han spelte inn fleire soul-, funk- og disco-låtar som dei to største hittane hans, «You're the First, the Last, My Everything» og «Can't Get Enough of Your Love, Babe».

I løpet av karrieren sin fekk White i alt 106 gullplate verda over, 41 av desse med status som platina. I tillegg hadde han 20 gull- og 10 platinasinglar, og totalt selde han over 100 millionar plater verda over, og er ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[1]

White var overvektig det meste av livet og sleit med helseproblem knytt til vekta si. Han døydde i 4. juli 2003 av nyresvikt som følgje av diabetes og høgt blodtrykk. Han vart posthumt innlemma i Dance Music Hall of Fame.

  1. Smith, Steve (September 20, 2013). «Barry White Gets Walk of Fame Star». San Gabriel Valley Tribune. Henta 16. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Barry White
Spire Denne biografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.