Barbara Dex Award
Barbara Dex Award, eller Barbara Dex-prisen, var ein årlig fanpris som vart tildelt den verst kledde artisten i Eurovision Song Contest. Prisen er kalla opp etter Barbara Dex, som representerte Belgia i Eurovision Song Contest i 1993 og kom på sisteplass i ein sjølvdesigna kjole.[1] Prisvinnarane vart røysta fram av fans og besøkjande på den belgiske nettsida songfestival.be. Prisen vart fyrste gong delt ut i 1997, og fram til 2016 var det fansida House of Eurovision som delte ut prisen.[2] I 2017 vart kriteria endra frå «verste kostyme» til «det mest slåande antrekket». I 2022 kunngjorde songfestival.be at dei la prisen på is på grunn av aukande kritikk og påstandar om at prisen kunne oppfattast som mobbing.[3] I staden skal prisen erstattast av ein ny pris som er under arbeid.[4]
Vinnarar
[endre | endre wikiteksten]Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Verka Serduchka – vinnar av Barbara Dex Award i 2007
-
Gisela – vinnar av Barbara Dex Award i 2008
-
Moje 3 – vinnar av Barbara Dex Award i 2013
-
Vilija Matačiūnaitė – vinnar av Barbara Dex Award i 2014
-
Trijntje Oosterhuis – vinnar av Barbara Dex Award i 2015
-
Nina Kraljić – vinnar av Barbara Dex Award i 2016
-
Slavko Kalezić – vinnar av Barbara Dex Award i 2017
-
Eye Cue – vinnar av Barbara Dex Award i 2018
-
Conan Osíris – vinnar av Barbara Dex Award i 2019
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Moje 3 wins the Barbara Dex Award». eurovision.tv. EBU. 26. mai 2013. Henta 20. mai 2018.
- ↑ «Eurovision's worst dressed: Who should win the Barbara Dex Award 2017? | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 15. mai 2017. Henta 20. mai 2018.
- ↑ «Bye Bye Barbara Dex: Songfestival.be ends controversial "worst-dressed" award». wiwibloggs (på engelsk). 13. mars 2022. Henta 14. mars 2022.
- ↑ Granger, Anthony (13. mars 2022). «🇧🇪 Barbara Dex Award Has Been Canceled». Eurovoix (på engelsk). Henta 14. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Barbara Dex Award» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2022.