Baicheng
Baicheng (kinesisk skrift 白城, pinyin Báichéng) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina. Prefekturet har eit areal på 25 683 km², folketalet er sist berekna til 2,03 millionar. Baicheng grensar til provinsane Indre Mongolia i vest og nord, og til Heilongjiang i nordaust og aust.
Byprefekturet Baicheng omfattar eitt distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dagens Baicheng var busett av ulike nomadiske stammer fram til 1800-talet. Frå då støtta Qing-dynastiet innvandring av han-kinesarar, men jordbruk var forbode fram til 1902. Området vart viktigare då jarnvegen mellom Qiqihar og Siping vart lagt gjennom Baicheng. To nye jarnvegar vart bygt i 1930-åra, noko som gjorde Baicheng til eit nav i samferdsla.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Tekstilindustrien er ein berebjelke i økonomien. Landbruket er konsentrert om soyabønner, oljevekstar og om saueavl.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 302 i Kina fører gjennom området. Han går frå Hunchun i provinsen Jilin til Ulanhot i Indre Mongolia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Baicheng» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Baicheng» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.