BMP-1
Utsjånad
BMP-1 (russisk:Боевая Машина Пехоты-1 - Боевая Машина Пехоты-1) er ei sovjetisk stormpanservogn. Den vart først introdusert tidleg i 1960-åra, og produsert av Kurganmasjzavod. Den vart erstatta i 1980-åra med ein oppgradert versjon BMP-2.[1]
Då BMP-1 vart oppdaga av vestlege militære i november 1967 var den verda si første stormpanservogn. Det skråstilte panseret kunne motstå 12,7 mm ammunisjon frå tunge mitraljøser. Med den glattbora kanona og AT-3 Sagger-raketten var ein alvorleg trussel mot NATO sine pansra personellkøyretøy og stridsvogner.
Variantar
[endre | endre wikiteksten]- BMP-1
- Originalversjonen med 73 mm glattbora kanon
- BRM-1 eller BMP-R
- Oppklaringsversjon med bakkeradar
- BRM-1K
- Kommandovogn for oppklaringsstyrkar
- BMP KShM
- Kommandovogn
- BMP-1P
- Panserjager med AT-4 Spigot missil
- BMP-1PK
- Kommandovogn-variant av BMP-1P