Anzio
Utsjånad
Anzio er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har vel 53 000 ibuarar (2013) og dekker ei flatevidd på 43,6 km².
Byen, som ligg 58 kilometer sør for Roma, er ein hamne- og fiskeriby ved Tyrrenhavet. Ferjer og båtruter går til dei pontinske øyane Ponza, Palmarola og Ventotene.
Under andre verdskrigen fann Operation Shingle stad ved Anzio i januar 1944, ein avgjerande landgang av allierte styrkar. I romartida var staden under namnet Antium ein kjærbadestad for eliten i Roma.
Keisar Nero vart fødd i Antium.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anzio» frå Wikipedia på tysk, den 25. februar 2015.